Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Coríntios 1

1 Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes

2 til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.

3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

4 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,

5 at de i honom er gjorde rike i alt, på all læra og i all kunnskap,

6 liksom Kristi vitnemål er stadfest hjå dykk,

7 so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring,

8 han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.

9 Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre.

10 Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.

11 For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.

12 Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.»

13 Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn?

14 Eg takkar Gud, at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,

15 so ikkje nokon skal segja, at de vart døypte til mitt namn.

16 Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan.

17 For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.

18 For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

19 For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.»

20 Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?

21 For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,

22 etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom,

23 men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,

24 men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.

25 For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmagt er sterkare enn menneski.

26 Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta;

27 men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar.

28 Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,

29 so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.

30 Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,

31 so at, som det stend skrive, den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Continuar Lendo