Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Coríntios 11

1 Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!

2 Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.

3 Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.

4 Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.

5 Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.

6 For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!

7 For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.

8 For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.

9 For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.

10 Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.

11 Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.

12 For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.

13 Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?

14 Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,

15 men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.

16 Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.

17 Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.

18 For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.

19 For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.

20 Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.

21 For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.

22 Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.

23 For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,

24 og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»

25 Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»

26 For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.

27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.

28 Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!

29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.

30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.

31 Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.

32 Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.

33 Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!

34 Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.

Continuar Lendo