Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Reis 14

1 Ved det bilet vart Abia, son åt Jerobeam, sjuk.

2 Då sagde Jerobeam til kona si: «Tak og klæd deg ut, so ingen vert vis med at du er kona åt Jerobeam, og gakk so til Silo! Der bur profeten Ahia, han som tala um at eg skulde verta konge yver dette folket.

3 Tak med deg ti brød og kakor og ei krukka med honning og gakk inn til honom! Han skal vitra deg um korleis det skal ganga med guten.»

4 Og kona åt Jerobeam gjorde so; ho tok ut til Silo og kom til huset åt Ahia. Men Ahia kunde ikkje sjå; for augo hans var star-blinde av alderdom.

5 Men Herren hadde sagt til Ahia: «Kona åt Jerobeam kjem og vil spyrja deg ut um son sin, for han er sjuk. Det og det skal du segja med henne. Når ho kjem, vil ho bera seg åt liksom ho var framand.»

6 Då no Ahia høyrde fotstigi hennar i det same ho kom inn døri, sagde han: «Kom inn, du kona åt Jerobeam! Kvi ber du deg åt liksom du var framand? Eg er send til deg med eit hardt bod.

7 Gakk og seg til Jerobeam: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev lyft deg upp or folket og sett deg til fyrste yver folket mitt, Israel,

8 og rive riket ifrå Davids hus og gav det til deg. Men du hev ikkje stelt deg som tenaren min, David; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han gjorde einast det som rett var i mine augo;

9 men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.

10 Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.

11 Den av Jerobeams hus som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane under himmelen eta upp. For soleis hev Herren tala.»»

12 Gakk no du heim att! Når føterne stig inn i byen, so døyr barnet.

13 Og heile Israel skal halda syrgjehøgtid for honom, og dei skal gravleggja honom; for av Jerobeams hus er han den einaste som skal koma i ei grav, etter di han var den einaste i Jerobeams hus som det var noko godt hjå imot Herren, Israels Gud.

14 Men Herren skal setja seg ein konge yver Israel, som skal rydja ut Jerobeams hus. Dette er dagen, og no skal det henda.

15 Herren skal slå Israel som sevet voggar i vatnet, og han skal rykkja Israel upp or dette gode landet, som han gav federne deira, og strøya deim på andre sida åt Storelvi, for di dei hev laga seg asjeror og vekt Herrens harm.

16 Og han skal ofra Israel for dei synder skuld som Jerobeam gjorde, og som han fekk Israel til å gjera.»

17 Då reis kona åt Jerobeam upp og gjekk sin veg og kom til Tirsa, og med same ho steig yver dørstokken i huset, døydde guten.

18 Og dei gravlagde honom, og heile Israel heldt syrgjehøgtid for honom, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, profeten Ahia.

19 Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um krigerne hans og styringi hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.

20 Styringstidi åt Jerobeam var tvo og tjuge år. So lagde han seg til kvile hjå federne sine, og Nadab, son hans, vart konge i staden hans.

21 Men Rehabeam, son åt Salomo, var konge i Juda; ein og fyrti år var Rehabeam då han vart konge, og syttan år styrde han i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut av alle Israels ætter til bustad for namnet sitt. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.

22 Og Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo; med dei synder dei gjorde, vekte dei brennhugen hans meir enn federne deira hadde gjort.

23 Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;

24 ja, det var jamvel utukt-sveinar i landet. Dei heldt på med all styggedomen hjå dei folki som Herren hadde jaga undan for Israels-sønerne.

25 I femte styringsåret åt Rehabeam drog egyptarkongen Sisak upp imot Jerusalem.

26 Og han tok skattarne i Herrens hus og skattarne i kongshuset; alt saman tok han. Han tok alle gullskjoldarne og, som Salomo hadde late gjera.

27 I deira stad fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, dei som heldt vakt ved inngangen til kongshuset;

28 og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim og tok deim so attende til vaktstova.

29 Det som elles er å fortelja um Rehabeam, um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.

30 Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred stødt.

31 Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Mor hans heitte Na’ama, ammonitkvinna. Og Abiam, son hans, vart konge i staden hans.

Continuar Lendo