Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Reis 3

1 Og Salomo kom i giftarskyldskap med Farao, kongen i Egyptarland, med di han gifte seg med dotter åt Farao, og han flutte inn i Davidsbyen med henne til dess han var ferdig med byggjearbeidet på kongsgarden, på Herrens tempel og murarne rundt um Jerusalem.

2 Men folket ofra på haugarne; for det var ikkje bygt noko hus for Herrens namn fyre den tid.

3 Salomo elska Herren so han fylgde fyresegnerne åt David, far sin. Men ofra på haugarne og brende røykjelse der, gjorde han.

4 Og kongen for til Gibeon og vilde ofra der. For det var gjævaste offerhaugen. Tusund brennoffer ofra Salomo på altaret der.

5 I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum um natti, og Gud sagde: «Bed um kva du vil eg skal gjeva deg!»

6 Salomo svara: «Stor miskunn hev du vist imot tenaren din, David, far min, etter di han ferdast for di åsyn i truskap og rettvisa og med ærleg hug imot deg; og du hev halde ved lag åt honom denne store miskunn og gjeve honom ein son til ettermann i kongsstolen hans – so som det no sjåande er.

7 Ja, Herre, min Gud, no hev du gjort tenaren din til konge etter David, far min, men eg er berre barnet, og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt.

8 Og tenaren din liver her millom folket ditt, som du hev valt ut, eit stort folk som ikkje er teljande eller utreknande, so mangment det er.

9 So gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, so han kann vera domar for folket sitt og skilja millom godt og vondt! for kven er elles før til å vera domar for dette mangmente folket ditt?»

10 Det tektest Herren vel at Salomo bad um dette.

11 Og Gud sagde til honom: «Etter di hev bede um dette og ikkje bede um langt liv eller rikdom og ikkje bede um livet av fiendarne, men hev bede um vit til å agta på det som rett er,

12 so vil eg gjera som du ynskjer: eg gjeva deg so vist og vitugt eit hjarta at det hev ikkje vore din like, og skal ikkje heller verta sidan.

13 Eg vil gjeva deg det du ikkje hev bede um: rikdom og heider, so at ingen av kongerne skal vera din like i all di tid.

14 Og vil du fara på mine vegar, so du held loverne og bodi mine, liksom David, far din, gjorde, so skal eg lata livedagarne dine verta mange.»

15 Då vakna Salomo – det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens sambandskista, ofra brennoffer og bar fram takkoffer, og gjorde eit gjestebod for alle tenarane sine.

16 Då kom det tvo skjøkjor til kongen, og steig fram for honom.

17 Og den eine kvinna sagde: «Høyr meg, herre! Eg og denne kvinna bur i same huset. Og eg fekk eit barn der i huset hjå henne.

18 Tridje dagen etter at eg hadde fenge barnet, fekk denne kvinna og eit barn; og me var saman; der var ingen framand hjå oss i huset; me tvo eine.

19 Men ei natt døydde guten åt denne kvinna, av di ho hadde lagt seg på honom.

20 Då reis ho upp midt på natti og tok min gut ifrå sida mi, medan tenestkvinna di sov, og lagde honom i sitt fang, og sin eigen daude gut lagde ho i mitt fang.

21 Då eg so reis upp um morgonen og skulde gjeva guten min suga, då var han daud; men då eg skoda vel på honom um morgonen, vart eg vis med at det var ikkje den gut eg hadde født.»

22 Den andre kvinna sagde: «Det er ikkje so. Min gut er den som liver. Det er din gut som er daud.» Men den fyrste svara: «Nei, den daude er din gut, den livande er min.» Soleis trætta dei framfor kongen.

23 Då sagde kongen: «Den eine segjer: «Denne som liver, er min gut, og den daude er din.» Og den andre segjer: «Det er ikkje so; din gut er det som er daud, og min gut er den som liver.»

24 Gakk etter eit sverd åt meg!» sagde kongen. Og då dei hadde bore sverdet inn til kongen,

25 sagde han: «Hogg det livande barnet i tvo luter, og gjev denne eine helvti til den eine og den andre helvti til den andre!»

26 Men då sagde ho til kongen, den kvinna som var mor åt det livande barnet – for hjarta hennar brann for guten -: «Høyr meg, herre,» sagde ho, «lat henne få det barnet som liver, og drep det ikkje!» Men hi sagde: «Lat det vera korkje mitt eller ditt; hogg det i tvo!»

27 Då svara kongen og sagde: «Gjev henne der det livande barnet; drep det ikkje! Ho er mori.»

28 Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.

Continuar Lendo