Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Timóteo 2

1 Eg påminner framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneskje,

2 for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, at me kann liva eit stilt og rolegt liv i all gudleg age og søma.

3 For dette er godt og tekkjelegt for Gud, vår frelsar,

4 han som vil at alle menneskje skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.

5 For ein Gud er det, ein millommann er det og millom Gud og menneskje, det menneskjet Kristus Jesus,

6 han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;

7 og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel – eg segjer sanning, eg lyg ikkje – til lærar for heidningarne i tru og sanning.

8 Eg vil då at mennerne på kvar stad skal beda so, at dei lyfter heilage hender utan vreide og ordstrid,

9 like eins og at kvinnorne skal pryda seg med sømeleg klædnad i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,

10 men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.

11 Ei kvinna skal lata seg læra i stilla med all lydnad.

12 Men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å læra eller å bjoda yver mannen, men å vera i stilla.

13 For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;

14 og Adam vart ikkje dåra; men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.

15 Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med æra.

Continuar Lendo