Connect with us

Bíblia NORSMB

2 Crônicas 9

1 Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.

2 Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar, og det var ingenting dult for honom, som han ikkje kunde svare på.

3 Då dronningi frå Saba såg kor vis Salomo var, og huset som han hadde bygt,

4 og retterne på bordet hans, korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, skjenkjarsveinarne hans og deira klæde, og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, vart ho reint ifrå seg.

5 Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det som eg høyrde i landet mitt um deg og visdomen din!

6 Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; og so er det endå ikkje helvti av all visdomen din som de hev fortalt meg um; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt um deg.

7 Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.

8 Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på sin kongsstol til konge for Herren, din Gud! For di din Gud elskar Israel, og vil halda det ved magt æveleg, difor hev han sett deg til konge yver deim til å gjera rett og rettferd.»

9 So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; og aldri hev det funnest slike kryddor som dei dronningi frå Saba gav Salomo.

10 Dessutan kom folki åt Huram og folki åt Salomo, som henta gull frå Ofir, med algummimtre og glimesteinar.

11 Og av algummimtreet let kongen gjera tropper til Herrens hus og til huset åt kongen og cithrar og harpor til songarar; og makan til det hadde dei aldri fyrr set i Judalandet.

12 Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt ho hadde hug på og bad um, umfram gåvor for det som ho gav til kongen. Sidan snudde ho og drog heim att til landet sitt, ho og tenarane hennar.

13 Vegti på det gullet som kom til Salomo på eitt år, var sekstan hundrad og fem og seksti våger gull,

14 og då var det ikkje medrekna det som kjøpmennerne og kræmarane førde inn, og det som kom frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet, som førde gull og sylv til Salomo.

15 Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull – til kvar skjold gjekk det seks hundrad lodd uthamra gull –

16 og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull, og til kvar skjold gjekk det med tri hundrad lodd gull; og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.

17 Dessutan let kongen gjera ein stor kongsstol av filsbein og klædde honom med skirt gull.

18 Kongsstolen hadde seks stig og ein fotskammel av gull, som var feste til kongsstolen; på båe sidorne åt sætet var det armstyd, og på kvar side åt deim stod det tvo løvor.

19 Det stod og tolv løvor på båe sidorne på dei seks stigi. Det var ikkje laga maken i noko anna rike.

20 Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var av skirt gull; sylv rekna dei slett ikkje for noko i kong Salomos dagar.

21 For kongen hadde skip som siglde til Tarsis saman med folki åt Huram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi og førde gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.

22 Kong Salomo vart større enn alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.

23 Og alle kongarne på jordi kom og vilde sjå honom og høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.

24 Og kvar av deim hadde med seg ei gåva; det var ymse ting av sylv eller gull, klæde, våpn, kryddor, hestar, muldyr, år etter år.

25 Salomo hadde fire tusund heste-par og stridsvogner og tolv tusund hestfolk, og deim lagde han, sume i vognbyarne og sume hjå seg sjølv i Jerusalem.

26 Han rådde yver alle kongarne frå Eufratelvi til Filistarland og egyptargrensa.

27 Kongen gjorde sylvet so vanlegt i Jerusalem som stein, og cedertre som morberfiketrei i låglandet.

28 Hestar førde dei til Salomo frå Egyptarland og frå alle landi.

29 Det som elles er å fortelja um Salomo frå fyrst til sist, det er uppskrive i profeten Natans krønika, og i spådomen åt siloniten Ahia og i syni åt sjåaren Jedi um Jeroboam Nebatsson.

30 Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel i fyrti år.

31 So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i far sin, Davids, by. Og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.

Continuar Lendo