Connect with us

Bíblia NORSMB

2 Samuel 13

1 Sidan hende denne tilburden: Absalom Davidsson hadde ei væn syster som heitte Tamar, og Amnon Davidsson lagde hugen til henne.

2 Ja Ammon pintest so, at han vart heiltupp sjuk av lyst til syster si; for ho var møy; og Ammon øygnde ingen utveg til å gjera henne noko.

3 Amnon hadde ein ven, som heitte Jonadab, son til Simea, bror åt David. Jonadab var ein utkropen kar.

4 Han spurde honom: «Kvi magrast du so, du kongsson, frå dag til annan? Fortel meg det?» Amnon svara: «Eg hev huglagt Tamar, syster åt Absalom, bror min!»

5 Då sagde Jonadab til honom: «Legg deg sjuk på sengi di! Og når far din kjem og ser til deg, so bed honom: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga maten åt meg! Lat henne laga til mat for augo mine, so eg ser på! Og lat meg eta av hennar hand!»»

6 Amnon lagde seg og lest som han var sjuk. Kongen kom og såg til honom. Og Amnon bad kongen: «Kjære, lat Tamar, syster mi, koma og laga tvo kakor åt meg so eg ser på og fær eta av hennar hand!»

7 David sende då bod inn i huset til Tamar og bad henne: «Gakk til huset åt Amnon, bror din, og laga noko mat åt honom!»

8 Tamar gjekk til huset åt Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig og knoda, og laga kakorne so han såg på, og steikte deim.

9 So tok ho panna og hadde deim or for honom; men han vilde ikkje eta. So sagde Amnon: «Gakk ut alle mann!» Og dei so gjorde.

10 So segjer han med Tamar: «Kom med maten her inn i kammerset, so eg fær eta av handi di!» Og Tamar tok kakorne ho hadde laga, og gjekk inn i kammerset til Amnon, bror sin.

11 Men då ho bar deim fram åt honom, so han skulde eta, greip han fat i henne og sagde: «Kom og ligg med meg, syster mi!»

12 Ho svara: «Nei, bror min! Du må ikkje skjemma meg! Sovore må ikkje henda i Israel! Gjer ikkje so stygg ei gjerning!

13 Kvar skulde eg gjera av meg med skammi? Og du sjølv vilde seinare heita eit styggeting i Israel. Tala fyrst med kongen! Han vil ikkje negta deg å få meg.»

14 Men han vilde ikkje lyda henne. Han valdtok henne, skjemde henne, låg med henne.

15 Etterpå fekk Amnon brått ein øgjeleg illvilje til henne. Illviljen han åtte mot henne no, var endå meir ofseleg enn elsken han hadde havt til henne fyrr. «Ris upp og gakk med deg!» sagde Amnon til henne.

16 Ho sagde til honom: «Ikkje auka skuldi med å gjera so stor ei ugjerning som å jaga meg! det vil vera endå verre enn det andre du hev gjort med meg.» Men han vilde ikkje høyra på henne,

17 men ropa på drengen, som tente hjå honom: «Få henne der burt frå meg, ut på gata!» ropa han, «og læs døri etter henne!»

18 Ho gjekk i sid ermekjole; i sovorne kappor var kongsdøtterne klædde med dei var unge gjentor. Tenaren førde henne ut på gata og læste døri etter henne.

19 Då tok Tamar oska og hadde på hovudet, reiv sund ermekjolen ho gjekk i, lagde handi på hovudet og gjekk og øya seg i eino.

20 Absalom, bror hennar, spurde henne: «Hev Amnon, bror din, vore hjå deg? Teg deg no, syster! Han er bror din. Bry deg ikkje um dette!» Tamar heldt seg då heime hjå Absalom, bror sin, einsleg og yvergjevi.

21 Då kong David spurde alt dette, loga harmen upp i honom.

22 Absalom sagde ingen ting med Amnon anten godt eller vondt. Men Absalom hata Amnon, for di han hadde skjemt Tamar, syster hans.

23 Tvo år etter hadde Absalom saueklypping i Ba’al-Hasor attmed Efraim; og Absalom bad alle kongssønerne til gjester.

24 Absalom gjekk då inn til kongen og sagde: «Tenaren din held saueklypping. Eg bed at kongen og tenarane hans vil vera med.»

25 Kongen svara Absalom: «Nei, guten min! Me må ikkje vera med alle; det vert for mykje bry for deg.» Endå han naudbad honom, vilde han ikkje, men bad farvel med honom.

26 Då sagde Absalom: «So lat då i alle fall bror Amnon vera med!» Kongen spurde: «Kvifor nett han?»

27 Men då Absalom naudbad honom, let han Amnon og alle kongssønerne vera med.

28 Absalom baud drengjerne: «Sjå etter når Amnon vert lystig av vinen, og eg segjer: «Hogg til Amnon!» So drep honom hugheilt! eg tek ansvaret. Ver hugsterke, og vis de er dugande karar!»

29 Absaloms-drengjerne gjorde med Amnon som Absalom hadde bode. Då spratt dei upp alle kongssønerne, steig på muldyri sine og rømde.

30 Med dei endå var på vegen, fekk David høyra ei tiend um at Absalom hadde drepe alle kongssønerne, so ikkje ein einaste var att av deim.

31 Då reiste kongen seg og reiv sund klædi sine og lagde seg på golvet. Og alle tenarane som stod der, reiv og sund klædi sine.

32 Men Jonadab, son åt Simea, bror åt David, tok til ords og sagde: «Herre, du må ikkje tru at dei hev drepe alle dei unge kongssønerne. Det er berre Amnon som er dåen. Eg hev lese ulukka på Absaloms munn alt frå den dagen då Amnon skjemde ut Tamar, syster hans.

33 Herre konge! no må du ikkje gjera deg so ilt av det, at du trur alle kongssønerne er daude. Nei, det er berre Amnon som er daud.»

34 Men Absalom flydde. Då vaktmannen såg ut, fekk han sjå mykje folk kom vegen ned fjellet attanfor.

35 Då sagde Jonadab til kongen: «Der kjem kongssønerne! Det er som eg sagde.»

36 Nett då han hadde tala ut, kom kongssønerne, og dei sette i og gret. Ogso kongen og alle tenarane storgret og stridgret.

37 Men Absalom flydde og for til Talmai Ammihudsson, kongen i Gesur. Og han syrgde yver son sin heile tidi.

38 Absalom flydde og for til Gesur, og heldt seg der i tri år.

39 Men kong David let vera å draga ut mot Absalom; han hadde lote trøysta seg i sorgi yver at Amnon var dåen.

Continuar Lendo