Connect with us

Bíblia NORSMB

2 Samuel 17

1 Ahitofel sagde med Absalom: «Lat meg velja ut tolv tusund mann, so vil eg leggja i veg og forfylgja David alt i natt!

2 So kjem eg brått yver honom og skræmer honom medan han er trøytt og veik. Då vil alle folki hans taka til rømings. So drep eg kongen medan han er åleine.

3 So skal eg føra alt folket attende til deg; for um det gjeng so med den mannen du søkjer, er det som alle kjem attende; heile folket vil halda fred.»

4 Absalom og alle dei øvste i Israel lika godt den rådi.

5 Like vel sagde Absalom: «Ropa ogso arkiten Husai inn! so fær me ogso høyra kva han råder til.»

6 Då Husai kom inn til Absalom, sagde Absalom til honom: «So og so hev Ahitofel sagt. Skal me fylgja hans råd? I anna fall, kva meiner du?»

7 Husai svara Absalom: «Den rådi Ahitofel hev gjeve denne gongen, er ikkje god.

8 Du kjenner far din og folki hans,» sagde Husai, «du veit dei er fullgode stridsfolk. Og hug-rame er dei no som ei binna dei hev teke ungarne frå ute i marki. Far din er krigsmann, veit du: han let ikkje folki leggja seg til kvile um natti.

9 No hev han visseleg løynt seg i einkvan helleren eller einkvar annan staden. Skulde då sume av våre folk falla i fyrstningi, so vil det koma ut at det hev vore stort mannefall millom folki som fylgde Absalom.

10 Då vil jamvel den djervaste heiltupp missa modet, um han så hadde mod som ei løva. For heile Israel veit at far din er ei kjempa, og at fylgjesveinarne hans er djerve karar.

11 Difor er det mi råd, at du stemner saman til deg heile Israel frå Dan til Be’erseba, so tallrikt som sanden attmed havet. Og sjølv lyt du draga med i striden.

12 Når me so finn honom einkvan staden, kvar helst det no er, so fell me yver honom som doggi fell på marki. Då skal det ikkje verta ein einaste att av honom og alle fylgjesveinarne hans.

13 Ja, um han so søkjer inn i ei borg, so vil heile Israel leggja reip ikring henne og draga henne ned i dalen, til dess det bid ikkje minste steinen att i henne.»

14 Då sagde Absalom og alle Israels-mennerne: «Rådi åt arkiten Husai er betre enn Ahitofels råd.» For Herren laga det so at den gode rådi hans Ahitofel vart um inkjes. For Herren vilde føra ulukke yver Absalom.

15 Husai melde til prestarne Sadok og Abjatar: «Den og den rådi gav Ahitofel åt Absalom og dei øvste i Israel. Men den og den rådi gav eg.

16 Skunda dykk og send bod til David med det ordet: «Natta ikkje yver attmed ferjestaderne i øydemarki i natt, men gakk yver Jordan! Elles kann kongen og alle folki hans verta tynte.»»

17 Jonatan og Ahima’as heldt seg attmed En-Rogel. Dit kom jamt ei tenestgjenta med melding til deim; og so bar dei meldingi til David. Dei våga ikkje visa seg i byen.

18 Men ein unggut gådde deim og melde det til Absalom. Då skunda dei seg burt båe, og kom heim til ein mann i Bahurim. Han hadde ein brunn på garden sin. I den steig dei ned.

19 So tok kona hans og breidde eit tæpe yver brunn-opet, og strådde gryn uppå, so ingen gådde noko.

20 Då tenarane åt Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Ahima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk yver den vesle bekken der.» Dei leita, men fann inkje, og snudde so heim att til Jerusalem.

21 Då dei hadde fare sin veg, steig dei hine upp or brunnen, og gjekk med meldingi til kong David. Dei sagde til David: «Skunda deg, far yver vatnet! den og den rådi hev Ahitofel gjeve um dykk.»

22 David braut upp med alle fylgjesveinarne sine; og dei gjekk yver Jordan. Um morgonen då dagen rann, vanta det ikkje ein einaste. Alle var komne yver Jordan.

23 Då Ahitofel såg at dei ikkje fylgde rådi hans, sala han asnet sitt, steig uppå og reid heim til sin by. Og då han hadde skila for seg, hengde han seg. Det var hans bane. Han vart gravlagd i gravi åt far sin.

24 David var komen til Mahanajim då Absalom med alle Israels-mennerne gjekk yver Jordan.

25 Absalom hadde sett Amasa til øvste herhovding i staden for Joab. Amasa var son åt ein jizre’elit ved namn Jitra, som hadde halde seg med Abigal, dotter til Nahas, syster til Seruja, mor åt Joab.

26 Israel og Absalom lægra seg i Gileadlandet.

27 Då David kom til Mahanajim, hadde Sobi Nahasson frå Rabba i Ammonitarlandet og Makir Ammielsson frå Lo-Debar, og Barzillai, ein Gileads-mann frå Rogelim,

28 ført dit sengjer, skåler og kruskjerald. Og kveite, bygg, mjøl, steikte aks, baunor, linsor,

29 honning, tjukkmjølk, sauer og mjølk-ost hadde dei med seg til mat åt David og folket hans. For dei tenkte: «Folki hev vorte svoltne, trøytte og tyrste i øydemarki.»

Continuar Lendo