Connect with us

Bíblia NORSMB

2 Samuel 8

1 Ei tid deretter vann David yver filistarane og lagde deim under seg. David fekk dermed teke taumarne yver hovudstaden utor henderne på filistarne.

2 So vann han yver moabitarne; deim mælte han med ei snor, det vil segja: han let deim leggja seg ned på marki, og mælte med tvo snorlengder deim som skulde lata livet, og med ei snorlengd deim som skulde liva. Moabitarne vart David undergjevne og laut leggja skatt.

3 Dessutan vann David yver Soba-kongen Hadadezer Rehobsson, då han for i herferd og vilde tøygja magti si alt til Storelvi.

4 David tok syttan hundrad hestfolk og tjuge tusund fotfolk. Og David let skjera sund hasarne på alle vognhestarne, sparde berre hundrad hestar.

5 Då Syria-folket frå Damaskus kom Soba-kongen Hadadezer til hjelp, slo David tvo og tjuge tusund Syria-menner.

6 David sette hervakter yver syrarane i Damaskus, og Syria-folket vart David undergjevne og laut leggja skatt. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram.

7 David tok dei gylte skjoldarne som Hadadezer-folki hadde bore, og førde til Jerusalem.

8 Og frå Hadadezer-byarne Betah og Berotai tok kong David store mengder av kopar.

9 Då Hamat-kongen To’i frette at David hadde vunne yver heile Hadadezer-heren,

10 sende han Joram, son sin, til kong David til å helsa på honom og ynskja honom til lukka med krigen mot Hadadezer og med sigeren yver honom – for Hadadeser hadde jamt ført krig mot To’i – og han hadde med seg kostnadting av sylv, av gull og av kopar.

11 Kong David vigde deim og til Herren, like eins som han hadde gjort med sylvet og gullet frå folki han hadde lagt under seg:

12 frå syrarane, moabitarne, ammonitarne, filistarane og amalekitarne; like eins med herfanget frå Soba-kongen Hadadezer Rehobsson.

13 Då David kom heim etter sigeren yver syrarane, auka han frægdi si med di han slo attan tusund mann i Saltdalen.

14 Han sette hervakter yver Edom; i heile Edomlandet sette han vakter; og alle edomitarne vart David undergjevne. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram.

15 David var no konge yver heile Israel. Og David skipa lov og rett for heile folket sitt.

16 Joab Serujason var øvste herhovding. Josafat Ahiludsson var kanslar.

17 Sadok Ahitubsson og Ahimelek Abjatarsson var prestar. Og Seraja var riksskrivar.

18 Benaja Jojadason var hovding yver livvakti. Sønerne åt David var prestar.

Continuar Lendo