Connect with us

Bíblia NORSMB

Apocalipse 11

1 Og det vart gjeve meg ei røyr liksom ein stav, med dei ordi: «Statt upp og mæl Guds tempel og altaret og deim som tilbed der!

2 Men fyregarden utanfor templet, lat honom vera og mæl honom ikkje! for han er gjeven åt heidningarne, og dei skal trøda ned den heilage byen i tvo og fyrti månader.

3 Og eg vil gjeva mine tvo vitne, at dei skal vera profetar i tusund og tvo hundrad og seksti dagar, klædde i sekk.

4 Dette er dei tvo oljetrei og dei tvo ljosestakarne som stend framfor Herren yver jordi.

5 Og dersom nokon vil gjera deim skade, so gjeng det eld ut or munnen deira og fortærer fiendarne deira; ja, dersom nokon vil gjera deim skade, skal han soleis verta drepen.

6 Desse hev magt til å lata att himmelen, so de ikkje skal falla regn i dei dagar dei er profetar; og dei hev magt yver vatni til å umskapa deim til blod og til å slå jordi med allslag plåga, so ofte dei vil.

7 Og når dei hev fullført sitt vitnemål, skal det dyret som stig upp or avgrunnen, føra strid med deim og vinna på deim og drepa deim.

8 Og liki deira skal liggja på gatorne i den store byen, den som i åndeleg tyding vert kalla Sodoma og Egyptarland, der som og deira herre vart krossfest.

9 Og nokre av landslydarne og ætterne og tungemåli og folki skal sjå liki deira tri dagar og ein halv og ikkje lata liki deira verta lagde i grav.

10 Og dei som bur på jordi, skal gleda seg yver deim og fagna seg og senda kvarandre gåvor, av di desse tvo profetarne var til plåga for deim som bur på jordi.»

11 Og etter dei tri dagar og ein halv kom det livs-ande frå Gud i deim, og dei stod på føterne, og ein stor otte fall på deim som såg deim.

12 Og dei høyrde ei høg røyst frå himmelen som sagde til deim: «Stig upp her!» Og dei steig upp til himmelen i skyi, og fiendarne deira såg deim.

13 Og i same stundi kom det ein stor jordskjelv, og tiandeparten av byen fall, og sju tusund mann vart drepne i jordskjelven; og dei andre vart forfærde og gav Gud i himmelen æra.

14 Det andre usæle er yverstade; sjå, det tridje usæle kjem snart.

15 Og den sjuande engelen bles. Og det vart høyrt høge røyster i himmelen, som sagde: «Kongedømet yver verdi er tilfalle vår Herre og den han salva, og han skal vera konge i all æva.»

16 Og dei fire og tjuge eldste, som sit framfor Gud på stolarne sine, fall ned på sitt andlit og tilbad Gud

17 og sagde: «Me takkar deg, Herre Gud, du allmegtige, du som er og som var, at du hev teke di store magt og vorte konge.

18 Og heidningarne hev vorte vreide, og din vreide er komen, og den tid då dei daude skal dømast, og då du skal løna dine tenarar, profetarne og dei heilage og deim som ottast ditt namn, dei små og dei store, og då du skal øyda deim som øyder jordi.»

19 Og Guds tempel i himmelen vart upplate, og hans sambandskista vart sedd i templet hans; og det kom ljoneldar og røyster og toredunar og jordskjelv og stort hagl.

Continuar Lendo