Connect with us

Bíblia NORSMB

Apocalipse 19

1 Deretter høyrde eg liksom ei høg røyst av ein stor skare i himmelen, som sagde: «Halleluja! Frelsa og æra og magti tilhøyrer vår Gud!

2 For sanne og rettferdige er hans domar; for han hev dømt den store skjøkja, ho som øydelagde jordi med sin hordom, og han hev kravt blodet av sine tenarar ut or hennar hand!»

3 Og dei sagde ein gong til: «Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.»

4 Og dei fire og tjuge eldste og dei fire livendi fall ned og tilbad Gud, som sat på kongsstolen, og sagde: «Amen! halleluja!»

5 Og det kom ei røyst ut frå kongsstolen og sagde: «Lova vår Gud, alle hans tenarar, og de som ottast honom, både små og store!»

6 Og eg høyrde liksom ei røyst av ein stor skare, og som ein ljod av mange vatn, og som ein ljod av sterke toredunar, som sagde: «Halleluja! for Herren, Gud den allmegtige, hev vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gjeva honom æra, for brudlaupet åt Lambet er kome, og bruri hans hev butt seg til!

8 Og det er henne gjeve å klæda seg i reint og skinande fint linty; for det fine lintyet er dei rettferdige gjerningar av dei heilage.»

9 Og han segjer til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til brudlaups-nattverden åt Lambet!» Og han segjer til meg: «Dette er Guds sanne ord.»

10 Og eg fall ned for føterne hans og vilde tilbeda honom, og han segjer til meg: «Sjå til du ikkje gjer det! eg er medtenar til deg og brørne dine, som hev Jesu vitnemål. Tilbed Gud! For Jesus vitnemål er anden med profetordet.»

11 Og eg såg himmelen opna, og sjå: ein kvit hest; og den som sat på honom, heiter «Trufast og sannordig», og han dømer og strider med rettferd.

12 Augo hans er som eldsloge, og på hovudet hans er det mange krunor; han hev eit namn skrive som ingen kjenner, utan han sjølv.

13 Og han er klædd i ein klædnad, duppa i blod, og hans namn er kalla: «Guds ord».

14 Og herarne i himmelen fylgde honom på kvite hestar og klædde i kvitt og reint fint linty.

15 Og or munnen hans gjeng det ut eit kvast sverd til å slå heidningarne med, og han skal styra deim med jarnstav, og han trøder persa med den strenge vreide-vin frå Gud, den allmegtige.

16 Og han hev på sin klædnad og på si lend eit namn skrive: «Kongen yver kongar og herren yver herrar.»

17 Og eg såg ein engel som stod i soli, og han ropa med høg røyst og sagde til alle fuglar som flyg under det høgste av himmelen: «Kom og sanka dykk til Guds store matmål:

18 til å eta kjøt av kongar og kjøt av herhovdingar og kjøt av velduge og kjøt av hestar og kjøt av deim som sat på deim, og kjøt av alle, frie og trælar, små og store!»

19 Og eg såg dyret og kongarne på jordi og herarne deira samankomne til å føra strid mot honom som sat på hesten, og mot hans her.

20 Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten, han som for augo på det hadde gjort dei teikni han hadde dåra deim med som tok merket åt dyret og tilbad bilætet av det. Desse tvo vart kasta livande i eldsjøen som brenn med svåvel.

21 Og dei andre vart drepne med sverdet hans som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglarne vart metta av kjøtet deira.

Continuar Lendo