Connect with us

Bíblia NORSMB

Atos 20

1 Då so uppstyret hadde stilna, kalla Paulus læresveinarne til seg og gav deim påminningar og bad farvel med deim; so drog han ut og vilde fara til Makedonia.

2 Då han hadde fare gjenom desse landi og påminnt deim med mange ord, kom han til Grækland.

3 Der vart han verande tri månader; og då jøderne lagde upp meinråd imot honom medan han skulde til å sigla til Syria, tok han den råd å leggja attervegen gjenom Makedonia.

4 Til Asia fylgde honom Sopater, son åt Pyrrus, frå Berøa, og av deim frå Tessalonika Aristarkus og Sekundus, og Gaius frå Derbe og Timoteus, og av deim frå Asia Tykikus og Trofimus.

5 Desse drog i fyrevegen og venta på oss i Troas.

6 Men me siglde ut frå Filippi etter søtebrødhelgi, og kom fem dagar etter til deim i Troas, der me so drygde i sju dagar.

7 Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.

8 Det var mange lampor i salen der me var samla.

9 Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.

10 Men Paulus gjekk ned og kasta seg yver honom og tok honom i famnen og sagde: «Ståka ikkje! for sjæli hans er i honom.»

11 So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det; og då han hadde tala med deim ei lang stund heilt til dagsprett, drog han av stad.

12 Dei førde guten livande burt og vart storleg trøysta.

13 Me hadde då gjenge um bord i skipet og siglde av til Assus og skulde taka Paulus um bord der; for so hadde han påbode, då han sjølv vilde ganga.

14 Då han so kom til oss i Assus, tok me honom um bord og kom til Mitylene;

15 og derifrå siglde me og kom dagen etter beint utfor Kios; andre dagen kom me til Samos, og då me hadde drygt ei stund i Trogillium, kom me dagen etter til Milet.

16 For Paulus hadde sett seg fyre å sigla utanum Efesus, so han ikkje skulde spilla tid i Asia; for han trøytte seg etter å nå Jerusalem til kvitsundagen, um det var mogelegt for honom.

17 Frå Milet sende han so bod til Efesus og kalla til seg dei eldste for kyrkjelyden.

18 Då dei var komne til honom, sagde han til deim: «De veit korleis mi ferd hjå dykk hev vore heile tidi, alt frå fyrste dagen eg kom til Asia,

19 at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,

20 korleis eg ikkje heldt att noko av det som kunde vera dykk til gagn, men forkynte dykk det og lærde dykk det for ålmenta og heime i husi,

21 med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.

22 Og no, sjå, bunden av Anden dreg eg til Jerusalem, og veit ikkje kva som der skal møta meg,

23 utan det at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg og segjer at band og trengslor ventar meg.

24 Men for meg sjølv agtar eg ikkje mitt liv eit ord verdt, når eg berre kann fullføra mitt laup og den tenesta som eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.

25 Og no, sjå, eg veit at de ikkje meir skal sjå mi åsyn, alle de som eg gjekk um imillom og forkynte Guds rike.

26 Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er rein for alle manns blod.

27 For ikkje heldt eg noko undan, men eg forkynte dykk heile Guds råd.

28 Gjev då agt på dykk sjølve og på heile den hjord som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenner i til å vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod!

29 Eg veit at etter min burtgang skal det koma inn millom dykk ville vargar, som ikkje sparer hjordi.

30 Ja, frå dykk sjølve skal det koma fram folk som fer med forvend tale og vil lokka læresveinarne etter seg.

31 Vak difor, og kom i hug at eg tri år natt og dag ikkje heldt upp med å påminna kvar ein med tåror!

32 Og no legg eg dykk yver på Gud og hans nådeord, han som hev magt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arvlut bland alle deim som hev vorte helga.

33 Ingen manns sylv eller gull eller klædnad hev eg kravt.

34 De veit sjølve at det som eg sjølv trong, og dei som var med meg, det hev desse henderne arbeidt for.

35 I alle måtar synte eg dykk, at soleis skal me med strævsamt arbeid vera til hjelp for dei veike og hugsa på Herren Jesu ord, som han sjølv hev sagt: «Det er sælare å gjeva enn å taka.»»

36 Då han hadde sagt dette, fall han på kne og bad saman med deim alle.

37 Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.

38 Og mest vondt gjorde deim det ordet han hadde sagt, at dei ikkje meir skulde få sjå hans åsyn. So fylgde dei honom til skipet.

Continuar Lendo