Connect with us

Bíblia NORSMB

Atos 3

1 Men Peter og Johannes gjekk saman upp i templet i bønetimen, den niande timen.

2 Og ein mann som var vanfør frå mors liv, vart boren fram; og dei sette honom kvar dag ved den tempeldøri som er kalla den fagre, so han kunde beda um sælebotsgåva av deim som gjekk inn i templet.

3 Då han såg Peter og Johannes, som vilde ganga inn i templet, bad han um å få ei sælebotsgåva.

4 Men Peter feste augo på honom, saman med Johannes, og sagde: «Sjå på oss!»

5 Han stirde på deim og venta å få noko av deim.

6 Men Peter sagde: «Sylv og gull hev eg ikkje; men det eg hev, det gjev eg deg: i nasaræaren Jesu Kristi namn statt upp og gakk!»

7 So greip han honom ved høgre handi og reiste honom upp.

8 Men straks vart føterne hans og oklo sterke, og han sprang upp og stod og gjekk ikring; og han gjekk med deim inn i templet, gjekk ikring der og sprang og lova Gud.

9 Og alt folket såg honom ganga ikring og lova Gud;

10 Og dei kjende honom, at det var han som hadde sete etter sælebotsgåva ved den fagre tempeldøri. Og dei vart fulle av undring og rædsla yver det som hadde hendt med honom.

11 Med han heldt seg til Peter og Johannes, strøymde alt folket saman um deim i den sulehalli som er kalla Salomons, og dei var forstøkte.

12 Då Peter det såg, svara han folket: «Israelitiske menner, kvi undrast de på dette, eller kvi stirer de so på oss, som um me av vår eigi magt eller gudlegdom hadde gjort at han kann ganga?

13 Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, vår fedregud, hev herleggjort sin tenar Jesus, han som de sveik og forneitta for Pilatus, då han dømde at han skulde verta fri.

14 Men de forneitta den heilage og rettferdige, og bad um at ein mordar måtte verta dykk unnt.

15 Men livsens hovding slo de i hel, han som Gud reiste upp frå dei daude, som me er vitne til.

16 Og ved trui på hans namn hev hans namn styrkt denne mannen, som de ser og kjenner; og trui som er verka ved honom, gav denne mannen hans fulle helsa for augo på dykk alle.

17 Og no, brør, eg veit at de hev gjort det i vankunna, liksom og rådsherrarne dykkar.

18 Men Gud uppfylte soleis det som han fyreåt sagde gjenom munnen til alle sine profetar, at hans Messias skulde lida.

19 So gjer då bot og vend um, so synderne dykkar må verta utstrokne, so at hugsvalings tider kann koma frå Herrens åsyn,

20 og han kann senda den Messias som er utkåra åt dykk, Jesus,

21 han som himmelen skal hysa til tidi for atterreisingi av alle ting, som Gud hev tala um gjenom munnen til sine heilage profetar frå gamle dagar.

22 For Moses hev sagt: «Herren, dykkar Gud, skal reisa upp åt dykk ein profet av dykkar brør liksom eg; honom skal de høyra i alt det som han talar til dykk.

23 Og det skal bera so til, at kvar den sjæl som ikkje høyrer den profeten, skal verta utrudd or folket.»

24 Men ogso alle profetarne frå Samuel og sidan, so mange som hev tala, dei hev og forkynt um desse dagarne.

25 De er born åt profetarne og åt den pakti som Gud gjorde med våre feder, då han sagde til Abraham: «Og i di ætt skal alle ætter på jordi velsignast.»

26 De var dei fyrste som Gud sende tenaren sin til, då han let honom koma fram for at han skulde velsigna dykk, med di kvar av dykk vender seg frå sin vondskap.»

Continuar Lendo