Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 16

1 So tok dei ut att frå Elim, og femtande dagen i andre månaden etter at dei hadde fare frå Egyptarlandet, kom heile Israels-lyden til Sinheidi, som ligg millom Elim og Sinai.

2 Medan dei var der i øydemarkerne, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron,

3 og sagde: «Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytorne og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.»

4 Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg lata det regna brød åt dykk frå himmelen, og folket skal ganga ut kvar dag og sanka det dei treng for dagen; soleis vil eg røyna deim, um dei held seg etter lovi mi eller ikkje.

5 Og når dei lagar til det dei kjem heim med sette dagen, då skal det vera ein gong til so mykje som det dei elles sankar um dagen.»

6 So sagde Moses og Aron til alt Israels-folket: «I kveld skal de koma til å sanna at det er Herren som hev ført dykk ut or Egyptarlandet;

7 og i morgon tidleg skal de få sjå kor stor Herren er; for han hev høyrt korleis de mukkar imot honom – kva er vel me? kann det vera verdt å mukka mot oss?

8 De skal få sjå det,» sagde Moses, «når han gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød i morgon tidleg, so de fær metten dykkar; for Herren hev høyrt korleis de murrar og mukkar imot honom – kva er vel me? det er ikkje oss de mukkar imot, men Herren.»

9 So Moses sagde med Aron: «Seg til heile Israels-lyden: «Stig fram for Herrens åsyn! For han hev høyrt korleis de mukkar.»»

10 Då hende det, medan Aron tala til heile Israels-lyden, og dei vende augo mot øydemarki, at Herrens herlegdom synte seg i skyi.

11 Og Herren tala til Moses og sagde:

12 «Eg hev høyrt korleis Israels-folket mukkar. Tala du til deim og seg: «I skumingi skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød, og de skal sanna, at eg er Herren, dykkar Gud.»»

13 Då det so vart kvelden, kom enghønorne fljugande so tjukt, at dei tekte heile lægret, og um morgonen hadde det lagt seg dalskodd rundt ikring lægret,

14 og då skoddi letta, fekk dei sjå noko fint, kornut, burtyver heidi; det låg tunt som ei hela på marki.

15 Då Israels-folket såg det, sagde dei seg imillom: «Kva er dette?» For dei visste ikkje kva det var. Då sagde Moses til deim: Det er det brødet som Herren hev gjeve dykk å eta.

16 Høyr no kva Herren hev sagt: «De skal sanka av det so mykje de treng, ei kanna til manns, etter som de hev folk til; kvar skal henta åt deim som høyrer til huset hans.

17 Og Israels-folket gjorde som han sagde, og sanka, sume mykje og sume lite.

18 Men då dei mælte det i kannemålet, gjekk det inkje av for deim som hadde sanka mykje, og det som mindre hadde sanka, leid ingen skort; kvar hadde sanka det han turvte.

19 Og Moses sagde til deim: Ingen må leiva noko av det til morgons.»

20 Men dei høyrde ikkje på Moses, og sume etla att noko til morgonmålet; då kvikna det makk i det, og det stod ei vond tev av det. Og Moses vart vreid på deim.

21 Sidan sanka dei det morgon etter morgon, kvar etter som han trong til. Men når soli tok til å hita, so bråna det.

22 So hende det sette dagen at dei fann ein gong til so mykje brød som elles, tvo kannor til manns, og alle dei øvste av lyden kom og sagde det med Moses.

23 Då sagde han til deim: «Det er det Herren hev sagt: «I morgon er det kviledag, helgekvild for Herren.» Baka no det de vil, og koka det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja burt og gøyma til morgons.»

24 So lagde dei det burt til um morgonen, som Moses sagde, og det stod ingen illtev av det, og kom ikkje makk i det.

25 Og Moses sagde: «Et det i dag, for i dag er det kviledag for Herren; i dag finn de ikkje noko på marki.

26 Seks dagar skal de sanka det; men den sjuande dagen er det helg; då er det ikkje å finna.»

27 Likevel var det nokre av folket som gjekk ut den sjuande dagen og vilde sanka, men dei fann inkje.

28 Då sagde Herren til Moses: «Kor lenge skal det vara fyrr de vil lyda bodi og loverne mine?

29 Kom i hug: Herren hev gjeve dykk kviledagen; difor er det at han sette dagen gjev dykk brød for tvo dagar. Haldt dykk no heime, kvar hjå seg! Ingen gange burt frå bustaden sin sjuande dagen!»

30 Sidan heldt folket seg i ro den sjuande dagen.

31 Israels-ætti kalla det brødet manna; det liktest korianderfrø; det var kvitt på liten, og smaka som vaflar med honning.

32 Og Moses sagde: «Høyr no kva Herren segjer til dykk: «Ein full kanna med manna skal de gøyma, mann etter mann, so etterkomarane dykkar kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki, då eg fylgde dykk ut or Egyptarlandet!»»

33 So sagde han til Aron: «Tak ei krukka og hav upp i henne ei full kanna med manna, og set det ned for Herrens åsyn, so det vert gøymt frå mann til mann.»

34 Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses, og sette det ned framfor lovtavlorne: der skulde det gøymast.

35 Israels-folket åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygde land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana’ans-landet.

36 Ei kanna, det var tiandeparten av ei skjeppa.

Continuar Lendo