Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 18

1 Då Jetro, presten i Midjan, verfar åt Moses, fekk spurt alt det som Gud hadde gjort mot Moses og mot Israel, folket sitt: korleis Herren hadde ført Israel ut or Egyptarland,

2 so tok han med seg Sippora, kona åt Moses, som Moses hadde sendt heim for ei tid,

3 og båe sønerne hennar – den eine kalla dei Gersom, «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land,» sagde Moses,

4 og den andre kalla dei Eliezer, «for,» sagde han, «Far min’s Gud var hjelpi mi, og berga meg for sverdet åt Farao» –

5 og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønerne og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Gudsfjellet.

6 Og han sende bod til Moses og sagde: «Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di, og båe sønerne sine hev ho med seg.»

7 Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, og bøygde seg for honom, og kysste honom, og dei spurde einannan korleis til stod. So gjekk dei inn i tjeldbudi,

8 og Moses fortalde verfar sin um alt det Herren hadde gjort med Farao og egyptarane for Israel skuld, og all den møda dei hadde vore uti på vegen, og korleis Herren hadde hjelpt deim.

9 Og Jetro vart glad for alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga deim for egyptarane.

10 Og Jetro sagde: «Lova vere Herren, som berga dykk for egyptarane og for Farao, han som fria folket ut or trældomen hjå egyptarane.

11 No veit eg at Herren er større enn alle gudar; for det dei tenkte å fella deim med, det gjorde han til ei fella for deim sjølve.

12 Og Jetro, verfar åt Moses, tok slagtefe, og laga til eit brennoffer og offergilde for Gud. Og Aron og alle dei øvste i Israel kom og heldt måltid for Guds åsyn saman med verfar åt Moses.

13 Dagen etter sat Moses og skifte rett millom folket, og folket stod ikring honom frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.

14 Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for deim, so sagde han: «Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine, og let heile ålmugen standa uppyver deg frå morgon til kveld?»

15 Jau for folket kjem til meg og vil få vita Guds vilje,» sagde Moses med verfar sin.

16 «Når dei hev ei sak med kvarandre, kjem dei til meg, og so dømer eg mann og mann imillom, og lærer deim Guds bod og lover.»

17 Då sagde verfar åt Moses med honom: «Det er ikkje klokt det du der gjer.

18 De trøyter dykk ut, både du og dette folket, som er med deg. For dette er for stridt for deg; du vinn ikkje gjera det åleine.

19 Men høyr no på meg, eg vil leggja deg ei råd, og so vere Gud med deg! Ver du målsmann for folket hjå Gud, og gakk du til Gud med sakerne deira.

20 Og minn dei um bodi og loverne hans, og syn deim kva veg dei skal ganga og korleis dei skal fara åt.

21 Vel deg so ut dugande menner av ålmugen, menner som hev age for Gud, truverdige folk, som hatar låk vinning, og set deim til domsmenner, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti:

22 dei skal skifta rett millom folk til kvar tid: alle store saker skal dei koma til deg med, og alle små saker skal dei døma i sjølve. Då lettar du byrdi for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.

23 Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut, og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.»

24 Moses lydde verfar sin, og gjorde alt det han hadde sagt.

25 Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.

26 Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.

27 So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.

Continuar Lendo