Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 5

1 Sidan gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Lat folket mitt fara, so dei kann halda høgtid for meg i øydemarki!»»

2 Då sagde Farao: «Kva er det for ein «Herre» som eg skal lyda, og lata Israel fara? Eg kjenner ikkje den «Herren», og eg vil ikkje lata Israel fara heller.»

3 «Hebræarguden hev møtt oss!» svara dei. «Gode, gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!»

4 Då sagde egyptarkongen til deim: «Moses og Aron, kvi hefter de folket burt frå det dei hev å gjera? Gakk til arbeidet dykkar!

5 De ser kor mykje folk her er i landet no,» sagde Farao, «og so vil de lokka deim til å leggja ned arbeidet sitt!»

6 Og same dagen sagde Farao det til futarne og formennerne for arbeidsfolket:

7 «Heretter skal de ikkje gjeva folket halm til mursteinen, som de fyrr hev gjort. Dei skal sjølve ganga og sanka seg halm.

8 Men like mykje murstein skal de krevja av deim no som fyrr; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei og segjer: «Me vil av og ofra til Guden vår.»

9 Legg tyngre arbeid på kararne, so dei hev nok å gjera, og ikkje fer etter lygjerødor!»

10 So gjekk futarne og arbeidsformennerne ut, og sagde til folket: «So segjer Farao: «Eg gjev dykk ikkje halm lenger.

11 Gakk sjølve og finn dykk halm kvar de kann! Men i arbeidet dykkar fær de ikkje noko avslag.»»

12 Då spreidde folket seg utyver heile Egyptarland, og sanka helma til å bruka i staden for halmen.

13 Men futarne dreiv på og sagde: «Gjer arbeidet dykkar ferdigt, fullt dagsverk til kvar dag, som då de hadde halm for hand!»

14 Og arbeidsformennerne som futarne åt Farao hadde sett yver Israels-folket, fekk hogg, og futarne sagde: «Kvi hev de ikkje gjort ifrå dykk ålaget dykkar anten i går eller i dag, som de fyrr gjorde?»

15 Då gjekk arbeidsformennerne til Farao, og kjærde seg for honom og sagde: «Kvi fer du soleis med tenarane dine?

16 Halm fær me ikkje, og like vel segjer dei til oss: «Gjer murstein!» Og so fær me hogg, endå det er dine folk som hev skuldi.»

17 Men han sagde: «Late er de, late! Difor segjer de: «Me vil av og ofra til Herren!»

18 Gakk no av og arbeid! Og halm fær de ikkje, men mursteinen skal de greida, talet fullt!»

19 Arbeidsformennerne vart ille ved, då dei fekk høyra dei ordi: «De fær ikkje noko avslag på mursteinen dykkar, fullt dagsverk til kvar dag!»

20 Då dei kom ut att frå Farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på deim.

21 Då sagde dei med deim: «Herren setje augo på dykk, og late dykk få like for di de hev gjort Farao og mennerne hans hatige på oss, og gjeve deim sverdet i handi til å drepa oss med!»

22 Og Moses vende seg atter til Herren og sagde: «Herre, kvi fer du so ille med dette folket? Kvi hev du då sendt meg?

23 For alt ifrå den stund eg gjekk fram for Farao og tala i ditt namn, hev han ikkje gjort anna enn vondt mot dette folket, og du hev ikkje hjelpt folket ditt ein grand.»

Continuar Lendo