Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 8

1 Då sagde Herren til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

2 Meinkar du deim å fara, so skal eg plåga heile ditt land og rike med frosk:

3 det skal yra med frosk i elvi, og dei skal krabba upp på land, og koma inn i husi dine og sengkoven din og upp i lega di, og inn i husi åt mennerne dine og på folket ditt, og i bakaromnarne og knodetrogi dine;

4 og deg og huslyden din og alle mennerne dine skal froskarne krabba uppetter.»»»

5 Og Herren sagde til Moses: «Seg til Aron: «Lyft handi, og rett staven ut yver åerne og elvarne og tjørnerne, og lat froskarne aula innyver Egyptarlandet!»»

6 So rette Aron handi si ut yver Egyptarlands-vatni, og då kom det upp med so fullt med frosk at dei hulde heile Egyptarlandet.

7 Men runemeistrarne bruka trollkunsterne sine og gjorde det same: dei og fekk froskarne til å aula innyver Egyptarlandet.

8 So sende Farao bod etter Moses og Aron og sagde: «Bed til Herren at han vil taka froskarne burt frå meg og landslyden! Då skal eg lata folket fara, so dei kann ofra til Herren.»

9 Då sagde Moses med Farao: «Sjølv må du hava æra og segja kva tid eg skal beda for deg og mennerne dine og folket ditt, at han vil rydja froskarne burt frå deg og husi dine, so dei ikkje finst meir utan i elvi.»

10 «I morgon,» svara han. «Lat det vera som du segjer!» sagde Moses, «so skal du sanna at det er ingen som Herren, vår Gud.

11 Froskarne skal kverva burt frå deg og husi dine og frå mennerne dine og heile landslyden; berre i elvi skal dei finnast.»

12 So gjekk Moses og Aron ut att frå Farao, og Moses ropa til Herren for froskarne skuld, som han hadde ført yver Farao.

13 Og Herren gjorde som Moses bad, og froskarne låg daude i hus og i tun og på bøarne.

14 Dei samla deim i dungevis, og teven kjendest yver heile landet.

15 Men det gjekk som Herren sagde: Då Farao såg at han hadde fenge ein lette, slo han seg rang, og vilde ikkje høyra på deim.

16 Då sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Rett ut staven din, og slå i dusti på jordi, so skal ho verta til my i heile Egyptarlandet.»»

17 Og dei so gjorde: Aron lyfte handi, og rette ut staven sin, og slo i dusti på jordi. Då kom myet, og sette seg både på folk og fe; all dusti på jordi vart til my i heile Egyptarlandet.

18 Runemeistrarne freista og å få fram my med trollkunsterne sine, men dei var ikkje god til. Og myet vart sitjande på folk og på fe.

19 Då sagde runemeistrarne med Farao: «Dette er Guds finger!» Men det gjekk som Herren sagde: Farao var like strid, og høyrde ikkje på deim.

20 Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, når han gjeng nedåt elvi, og seg med honom: So segjer Herren: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!

21 For let du ikkje folket mitt fara, so sender eg allslags avåt yver deg og mennerne dine og folket ditt og inn i husi dine; husi åt egyptarane skal verta fulle av avåt, og jamvel jordi dei gjeng på.

22 Men same dagen vil eg taka undan Gosenlandet, som folket mitt bur i, so der ikkje kjem noko avåt; då skal du verta var, at eg, Herren, er der i landet.

23 For eg vil løysa ut folket mitt og skilja det frå ditt folk. I morgon skal dette underet henda.»»

24 Og Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom svære yrjor med avåt i husi åt Farao og mennerne hans og yver heile Egyptarland; det var so avåtet reint skjemde ut landet.

25 Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde: «Gakk av og ofra til Guden dykkar her i landet!»

26 «Det er ikkje rådlegt å gjera det so,» svara Moses; «for det me ofrar til Herren, vår Gud, det er ein styggedom for egyptarane. Ofra me no midt for augo på deim slikt som dei hev ein stygg til, vilde dei ikkje då steina oss!

27 Tri dagsleider ut i øydemarki vil me fara, og so ofra til Herren, vår Gud, soleis som han segjer oss fyre.»

28 Då sagde Farao: «Eg fær lata dykk fara då, so de kann ofra til Herren, Guden dykkar, i øydemarki, men de må ’kje fara langt! Bed for meg!»

29 «Ja, no gjeng eg ut, og vil beda til Herren,» svara Moses, «og i morgon skal avåtet kverva burt frå Farao og frå mennerne og folket hans. Berre no Farao ikkje vil svika oss meir, men lata folket fara, so dei kann ofra til Herren!»

30 So gjekk Moses ut frå Farao att, og bad til Herren.

31 Og Herren gjorde som Moses bad, og let avåtet kverva burt både frå Farao og mennerne og folket hans; det fanst ikkje att eit einaste fly.

32 Men Farao slo seg rang denne gongen og, og slepte ikkje folket av stad.

Continuar Lendo