Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 48

1 Og dette er namni på ætterne: Frå nordenden – vest ved Storhavet – langs med Hetlonvegen til dit som ein gjeng til Hamat, Hasar-Enan attmed Damaskus-skilet, der skal dei eiga frå austsida til havet: Dan, ein lut.

2 Frammed Dan-skilet, frå austsida til vestsida: Asser, ein lut.

3 Frammed Asser-skilet, frå austsida til vestsida: Naftali, ein lut.

4 Frammed Naftali-skilet, frå austsida til vestsida: Manasse, ein lut.

5 Frammed Manasse-skilet, frå austsida til vestsida: Efraim, ein lut.

6 Frammed Efraim-skilet, frå austsida til vestsida: Ruben, ein lut.

7 Frammed Ruben-skilet, frå austsida til vestsida: Juda, ein lut.

8 Frammed Juda-skilet, frå austsida til vestsida, skal vera den gåva som de skal gjeva, fem og tjuge tusund breid og so langt som ein av luterne åt ætterne frå austsida til vestsida, og midt der inni skal heilagdomen vera.

9 Den gåva som de skal gjeva Herren, skal vera fem og tjuge tusund lang og ti tusund breid.

10 Og åt desse skal den heilage gåva vera: Åt prestarne: i nord fem og tjuge tusund og i vest ti tusund på breiddi, og i aust ti tusund på breiddi, og i sud fem og tjuge tusund på lengdi. Og midt der inni skal Herrens heilagdom vera.

11 Åt prestarne som er helga utav Sadoks-sønerne, dei som tok vare på tenesta mi og ikkje for vilt då Israels-borni villa seg burt, soleis som levitarne villa seg burt,

12 åt deim skal gåva vera utav jordgåva, eit høgheilagt stykke frammed skilet mot levitarne.

13 Og levitarne skal hava, frammed skilet mot prestarne, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi; all lengdi skal vera fem og tjuge tusund og breiddi ti tusund.

14 Og dei skal ikkje selja noko av det, og ikkje skal noko bytast burt, og landsens fyrstegrøda må ikkje ganga yver i annan manns eiga, for ho er vigd Herren.

15 Og dei fem tusund som er att av breiddi, frammed dei fem og tjuge tusund, skal vera uvigd, åt byen, til bustader og til utmark, og byen skal liggja der i midten.

16 Dette er då målet på honom, nordsida fire tusund og fem hundrad og sudsida fire tusund og fem hundrad, austsida fire tusund og fem hundrad, og vestsida fire tusund og fem hundrad.

17 Og det skal vera utmark åt byen: nordetter tvo hundrad og femti, og sudetter tvo hundrad og femti, og austetter tvo hundrad og femti, og vestetter tvo hundrad og femti.

18 Og det som vert att på lengdi frammed den heilage gåva: ti tusund austetter og ti tusund vestetter – for det skal vera frammed den heilage gåva – grøda av det skal vera til brød åt arbeidsfolket i byen.

19 Og arbeidsfolket i byen, av alle ætterne i Israel, dei skal bruka det.

20 Heile gåva skal vera fem og tjuge tusund på lengdi og fem og tjuge tusund på breiddi; som ein firkant skal de gjeva den heilage gåva med by-eiga.

21 Og det som vert att, skal vera åt fyrsten, på båe sidorne av den heilage gåva og by-eiga, frammed luten på fem og tjuge tusund, alt burtåt austskilet og vestetter frammed dei fem og tjuge tusund, alt burtåt vestskilet jamsides med luterne åt ætterne; det skal vera åt fyrsten. Og den heilage gåva og husens heilagdom skal liggja midt imillom.

22 Det som då ligg millom Juda-skilet og Benjamin-skilet – med levit-eiga og by-eiga i midten – det skal vera åt fyrsten.

23 So kjem hine ætterne: Frå austsida til vestsida: Benjamin, ein lut.

24 Og frammed Benjamin-skilet, frå austsida til vestsida: Simeon, ein lut.

25 Og frammed Simeon-skilet, frå austsida til vestsida: Issakar, ein lut.

26 Frammed Issakar-skilet, frå austsida til vestsida: Sebulon, ein lut.

27 Frammed Sebulon-skilet, frå austsida til vestsida: Gad, ein lut.

28 Frammed Gad-skilet, på sudsida, i sud: der skal skilet ganga frå Tamar, yver Meribavatni attmed Kades, til bekken, alt burtåt Storhavet.

29 Dette er det landet som de skal skifta ut av odelen åt ætterne i Israel, og dette er luterne deira, segjer Herren, Herren.»

30 Og dette er utgrensa åt byen: På nordsida fire tusund og fem hundrad på mål.

31 Og byportarne, uppkalla etter ætterne i Israel: Tri portar i nord: Ruben-porten, ein; Juda-porten, ein; Levi-porten, ein.

32 Og på austsida: fire tusund og fem hundrad, og tri portar: Josef-porten, ein; Benjamin-porten, ein; Dan-porten, ein.

33 Og sudsida: fire tusund og fem hundrad på mål, og tri portar: Simeon-porten, ein; Issakar-porten ein; Sebulon-porten, ein.

34 Vestsida: fire tusund og fem hundrad; dei tri portarne der: Gad-porten, ein; Asser-porten, ein; Naftali-porten, ein.

35 Rundt ikring: attan tusund. Og namnet på byen skal vera frå den dagen: «Herren er der».

Continuar Lendo