Connect with us

Bíblia NORSMB

Filemom 1

1 Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,

2 og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:

3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

4 Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,

5 då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,

6 at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.

7 For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!

8 Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,

9 so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,

10 bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,

11 som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.

12 Tak du imot honom, det er mitt eiga hjarta!

13 Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,

14 men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.

15 For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga,

16 ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!

17 So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!

18 Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.

19 Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det – at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.

20 Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!

21 I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.

22 Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.

23 Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;

24 like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.

25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Continuar Lendo