Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 10

1 Usæle dei som gjev urettferdige lover, og som med all si skriving berre bokfører urett,

2 so dei kann trengja småfolk burt ifrå retten og rana frå armingarne i folket mitt det som deira er og gjera enkjor til sitt herfang og plundra farlause.

3 Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?

4 Er det noko anna for enn å bøygja kne millom fangar eller å falla millom drepne? Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

5 Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.

6 Mot eit gudlaust folk sender eg honom, eg byd honom fara imot eit folk som eg er harm på, at han skal plundra og rana og trakka det ned som saur på gatorne.

7 Men soleis meiner ikkje han, og hjarta hans tenkjer ikkje soleis. Nei, hans hug stend til å øyda og rydja ut folk i mengd.

8 Han segjer: «Er ikkje hovdingarne mine kongar alle i hop?

9 Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis og Hamat liksom Arpad og Samaria liksom Damaskus?

10 Liksom mi hand hev nått kongeriki åt dei andre gudarne, endå gudebilæti var meir tallrike enn i Jerusalem og i Samaria,

11 skulde eg ikkje då magta å gjera det same med Jerusalem og gudebilæti der som eg hev gjort med Samaria og gudarne der?»

12 Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.

13 For han segjer: «Med mi velduge hand hev eg gjort dette og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte folkegrensorne, og rana eignaluterne deira, og i mitt velde støytte eg ned deim som sat i kongsstolarne,

14 og handi mi greip etter skattarne åt folki liksom fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglarne er flogne av, soleis samla eg saman alle land på jordi, det fanst ingen som rørde vengen eller opna nebben til minste pip.»

15 Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, Allhers-Herren, senda tærande sott i den feite kroppen hans, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.

17 Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, og dei skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.

18 Og han skal gjera ende på dei gilde skogarne og aldehagarne hans med rubb og stubb; han skal verta liksom ein sjukling som visnar burt.

19 Dei tre som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande, eit barn kann skriva deim upp.

20 På den tid skal leivningen av Israel og det som er att av Jakobs hus ikkje lenger stydja seg til honom som slo deim, men trufast stydja seg til Herren, Israels Heilage.

21 Ein leivning skal venda um, ein leivning av Jakob, til Gud den velduge.

22 For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.

23 For øyding og fastsett straffedom skal Herren, Allhers-Herren, lata koma yver all jordi.

24 Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!

25 For um ei liti stund er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.

26 Og Herren, allhers drott, svingar svipa si yver honom, liksom då han slo Midjan ved Ramneberget; og staven hans er utrett yver havet, og han skal lyfta honom som i Egyptarland.

27 PÅ den dag skal byrdi hans falla av herdarne dine og oket hans av halsen din, oket skal brotna for ditt aukande hold.

28 Han kjem mot Ajjat, fer framum Migron; han let etter seg trænet i Mikmas.

29 Dei fer yver skardet. «I Geba heldt me nattekvild!» Rama skjelv; Sauls Gibea flyr.

30 Skrik høgt, du dotter Gallim! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!

31 Madmena flyr, Gebim-buarne bergar sitt bu.

32 Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.

33 Sjå, Herren, Allhers-Herren, høgg kruna av med gruveleg kraft; dei rake stomnar er felte; dei røslege tre ligg brotne i bakken.

34 Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi. Libanon fell for den herlege.

Continuar Lendo