Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 16

1 «Send landsherren dei lamb han skal hava frå Sela gjenom øydemarki til fjellet åt dotteri Sion!»

2 Liksom flaksande fuglar, som skræmde fuglungar, skal Moabs døtter koma til vadi yver Arnon.

3 «Gjev råd, finn utveg åt oss! Lat skuggen din vera som natti, no midt i dagsljoset! Gjev livd åt dei burtdrivne! svik ikkje den som flyr!

4 Lat mine burtdrivne finna tilhald hjå deg, ver ein verneskjold åt Moab imot mordaren! For det er ute med valdsmannen, øydeleggjingi fær ende, og trælkaren hev fare or landet.

5 So vert kongsstolen grunnfest ved mildskap, og det skal trygt sitja der ein fyrste i Davids tjeld, ein domar som fer etter det som rett er, og som fremjar rettferd.»

6 Me hev høyrt um Moabs ovmod, det store og stolte, um hans ofse, byrgskap og ovlæte, um hans tome skryt.

7 Difor skal Moab jamrar yver Moab, alt landet skal jamra seg. Yver druvekakorne i Kir-Hareset skal dei sukka i djup ørvæna.

8 For Hesbons vinmarker hev visna, Sibma-vintrei. Soldruvorne slo folkehovdingarne til jordi. Dei nådde radt til Jazer, og vildra seg ut i øydemarki; greinerne breidde seg ut, for yver havet.

9 Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.

10 Gleda og fagnad er kvorve or aldehagarne, og frå vinhagarne høyrest ikkje gledesongar eller fagnadrop; ingen trakkar druvor i persorne. Eg hev late vinpersarropet deira tagna.

11 Difor bivrar mitt brjost for Moab som citherstrengjer, og mitt hjarta for Kir-Heres.

12 Og når Moab viser seg på offerhaugen og stræver der, og han kjem til heilagdomen sin og bed, so vinn han inkje med det.

13 Dette er det ordet som Herren fordom hev tala til Moab.

14 Men no talar Herren so: Innan tri år – so som ein leigekar reknar åri – skal Moabs herlegdom og all hans store folkesverm vera lite vyrd, og leivningen som er att, skal vera liten og vesall, ikkje mykje verd.

Continuar Lendo