Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 44

1 Men høyr no, Jakob, tenaren min, du Israel som eg hev valt ut!

2 So segjer Herren som skapte deg, som laga deg frå morsliv og hjelper deg: Ver ikkje rædd, du min tenar Jakob, Jesurun som eg hev valt ut.

3 For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.

4 Dei skal veksa upp millom graset som pilar ved bekkjefar.

5 Ein segjer: «Eg høyrer Herren til,» ein annan kallar seg med Jakob-namnet, ein skriv med si hand: «For Herren,» og brukar til ærenamn Israel.

6 So segjer Herren, Israels konge, og hans utløysar Herren, allhers drott: Eg er den fyrste og eg er den siste, og utan meg finst det ingen Gud.

7 Kven forkynte jamt og samt som eg – lat han melda og leggja det fram for meg! – frå den tid eg skapte fornalder-folket? Og lat deim melda det som i framtidi kjem!

8 Ver ikkje forstøkte og rædde! Hev eg ikkje for lenge sidan forkynt og meldt deg det? De er mine vitne; finst det nokon Gud utan meg? Nei, eg veit ikkje um noko anna berg.

9 Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.

10 Um nokon lagar ein gud og støyper eit bilæte, er det til unyttes.

11 Alle som held seg til det, skal verta til skammar, og meistrarne er berre menneskje, lat deim samla seg og stiga fram alle, dei skal ræddast og verta til skammar alle i hop.

12 Smeden kvesser ei øks og lagar henne til i koleld og formar henne med sleggjor, og han gjer henne ferdig med sin sterke arm. Vert han so svolten, minkar magti, og fær han ikkje drikka vatn, vert han veik.

13 Snikkaren spanar snori og ritar med gravstikka, han slettar med hyvelen og dreg ringar med passaren; so lagar han dei som eit mannslike, som ein fager mann som fær bu i eit hus.

14 Ein gjev seg til å hogga cedrar, og han tek steineik og eik og vel seg ut eit millom skogstrei. Han plantar ei fura, og regnet fær henne til å veksa.

15 Mannen brukar treet til å brenna, han tek av det og vermer seg, ja, han kveikjer på og bakar brød. So gjer han og ein gud som han bed til, han formar eit gudebilæte som han bøygjer kne for.

16 Helvti av det brenner han upp i elden, ved den helvti et han kjøt, steikjer ei steik og mettar seg. Han vermer seg og, og segjer: «Hå, eg vert varm, eg merkar eld!»

17 Resten av det gjer han til ein gud, til sin avgud som han bøygjer seg for og bed til, og han bed soleis: «Frels meg, for du er min gud!»

18 Dei er utan vit og skyn, for attklistra er augo deira, so dei ikkje ser, og hjarto deira so dei ikkje skynar.

19 Ingen tenkjer seg um, ingen hev klokskap og skyn nok til å segja med seg: «Helvti hev eg brent upp i elden, i gløderne hev eg baka brød og steikt kjøt og ete, og so skulde eg laga resten til eit ufyselegt bilæte og bøygja kne for ein trekubbe!»

20 Den som agtar på oska, honom hev eit forvilla hjarta dåra, so han ikkje kjem til å frelsa si sjæl og segja: «Det er lygn det eg held i mi høgre hand!»

21 Kom dette i hug, du Jakob, du Israel, min tenar! Eg hev skapt deg, du er min tenar, Israel, eg gløymer deg ikkje.

22 Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.

23 Jubla, himlar! For Herren hev sett det i verk. Ropa med frygd, de dypter i jordi! Set i med jubel, de fjell! Du skog med kvart eit tre! For Herren hev løyst ut Jakob, og syner seg herleg på Israel.

24 So segjer Herren, utløysaren din, skaparen din frå moderliv: Eg er Herren som allting gjer, himmelen spana eg ut åleine, jordi breidde eg ut utan medhjelp.

25 Eg gjer juglarteikni um inkje, og spåmenner gjer eg til fåmingar; eg let vismenner koma til kort og gjer deira vitskap til dårskap.

26 Eg stadfester ordet åt tenaren min og fullfører rådi åt sendebodi mine. Eg segjer um Jerusalem: «Der skal bu folk!» Og um Juda-byarne: «Dei skal byggjast!» Ruinarne der vil eg reisa att.

27 Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»

28 Eg segjer til Kyrus: «Min hyrding!» Han skal fullføra all min vilje og til Jerusalem segja: «Vert bygd! Og templet verta grunnlagt!»

Continuar Lendo