Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 64

1 Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved, elden set vatnet i kok, – til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,

2 når du gjorde skræmeverk, som me ikkje venta – å, steig du ned, so fjelli skalv for di åsyn!

3 Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera soleis med deim som ventar på honom.

4 Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegarne dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kann me verta frelste?

5 Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre skuld bles oss burt som vinden.

6 Det var ingen som kallar på namnet ditt, som manna seg upp til å gripa deg; for du hadde løynt di åsyn for oss og late oss skjelva under vår skuld.

7 Men no, Herre, er du vår fader; me er leiret og du vår formar, eit verk av di hand er me alle.

8 Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje ævleg på skuldi. Sjå no på me alle er ditt folk!

9 Dine heilage byar vart øydemark, Sion vart til ei øydemark, Jerusalem til ei audn.

10 Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.

11 Kann du halda deg att med alt dette, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?

Continuar Lendo