Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 9

1 Men myrker skal ikkje verta verande i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, hev han late landet åt Sebulon og Naftali vera lite vyrdt, men i framtidi skal han lata vegen attmed havet koma til æra, landet på hi sida åt Jordan, heidningkrinsen.

2 Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver deim som bur i daudskugge-landet, skal ljoset stråla.

3 Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift.

4 For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midjans-dagen.

5 For kvar ein styvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden.

6 For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste.

7 So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.

8 Eit ord sender Herren mot Jakob, det slær ned i Israel,

9 og heile folket skal merka det, Efraim og Samaria-buarne, som i hjartans storlæte og ovmod segjer:

10 «Tiglmurar hev rundt saman, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbertre er felte, men me skal setja cedertre i staden.»

11 Difor reiser Herren Resins uvener mot deim og eggjar fiendarne deira,

12 syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

13 Men folket vende ikkje um til honom som slær det, Herren, allhers drott, søkjer dei ikkje.

14 Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag.

15 Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen.

16 For dei som fører folket, fører vilt, og dei som let seg leida, gjeng til grunnar.

17 Difor kann ikkje Herren gleda seg yver ungdomarne deira og ikkje heller hava medynk med dei farlause og enkjorne; for alle saman so er dei gudlause og gjer det vonde, og kvar munn talar dårskap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

18 For gudløysa brenn som eld, øyder torn og tistel og kveikjer i den tjukke skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk.

19 Ved harmen til Herren, allhers drott, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.

20 Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm:

21 Manasse et Efraim og Efraim Manasse; og båe tvo til saman kastar seg yver Juda. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.

Continuar Lendo