Connect with us

Bíblia NORSMB

Jeremias 22

1 So sagde Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet,

2 og seg: Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn um desse portar!

3 So segjer Herren: Gjer rett og rettferd og berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden.

4 For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol koma inn um portarne til dette huset på vogner og hestar – han sjølv og tenarane hans og folket hans.

5 Men um de ikkje høyrer desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta i øyde lagt.

6 For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men i sanning, eg vil gjera deg til ei øydemark med byar der ingen bur.

7 Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.

8 Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen, og dei skal segja med kvarandre: «Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?»

9 Og dei skal svara: «For di dei vende seg frå Herren, sin Guds pakt, og tilbad andre gudar og tente deim.»

10 Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for honom; men gråt yver den som burt er faren! for han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.

11 For so segjer Herren um Sallum Josiason, Juda-kongen, som vart konge etter Josia, far sin, og som burt er faren frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att,

12 men på den staden som dei førde honom fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.

13 Usæl han som byggjer sitt hus med urett og sine salar med rangt, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev honom løni hans,

14 som segjer: «Eg vil byggja meg eit stort hus og rome salar,» og høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med cedertre og målar det med raudmåling.

15 Er du konge for di du kann kappbyggja i cedertre? Far din – åt ikkje han og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det honom vel.

16 Han hjelpte armingen og fatigmannen til sin rett, då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.

17 Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinningi di og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.

18 Difor, so segjer Herren um Jojakim Josiason, Juda-kongen: Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, bror min! Ai, syster mi!» Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!»

19 Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal dragsa honom ut og kasta honom burt langt utanfor Jerusalems-portarne.

20 Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan, og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.

21 Eg tala til deg medan det gjekk deg vel, men du sagde: «Eg vil ikkje høyra.» Det var vegen din alt frå din ungdom, at du ikkje høyrde mi røyst.

22 Alle hyrdingarne dine skal få ein storm til hyrding, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.

23 Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i cedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!

24 So sant som eg liver, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg der ifrå.

25 Og eg vil gjeva deg i henderne på deim som ligg deg etter livet, og i henderne på deim som du ræddast, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på kaldæarane.

26 Og eg vil slengja deg og mor di, som fødde deg, burt i eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.

27 Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit-att skal dei aldri koma.

28 Er då denne mannen Konja eit vanvyrdt, sundbrote fat, eller eit kjerald som ingen hev hugnad i? Kvi er dei burtkasta, han og avkjømet hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?

29 Land, land, land, høyr Herrens ord!

30 So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag. For ingen av hans avkjøme skal få lukka til å sitja i Davids kongsstol og heretter rikja yver Juda.

Continuar Lendo