Connect with us

Bíblia NORSMB

Jeremias 24

1 Herren let meg sjå: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens tempel, då Nebukadressar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingarne, og timbremennerne og smedarne, og ført deim frå Jerusalem til Babel.

2 I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikorne, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.

3 Då sagde Herren med meg: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Fikor; dei gode fikorne er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.»

4 Då kom Herrens ord til meg; han sagde:

5 So segjer Herren, Israels Gud: Likeins som med desse gode fikorne, soleis vil eg sjå på dei burtførde av Juda som eg hev sendt frå denne staden til Kaldæarlandet, til deira bate.

6 Eg vil retta augo mine på deim til deira bate og lata dei venda attende til dette landet. Og eg vil byggja deim upp og ikkje riva deim ned att, og planta deim og ikkje rykkja deim upp att.

7 Og eg vil gjeva deim hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren. Og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud; for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.

8 Og likeins som med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, – ja so segjer Herren – soleis vil eg gjera med Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans og leivningen av Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.

9 Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.

10 Og eg vil senda imot deim sverdet og svolten og sotti, til dei vert reint utrudde or landet som eg gav deim og federne deira.

Continuar Lendo