Connect with us

Bíblia NORSMB

Jeremias 47

1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia um filistarane, fyrr Farao vann Gaza.

2 So segjer Herren: Sjå, vatn kjem upp-strøymande nordantil og vert til ei elv som fløder yver. Og dei fløder yver land og det som i deim er, yver byar og deim som i deim bur, so folket ropar høgt, og alle som bur i landet barmar seg.

3 Når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når hans vogner skaldrar, når hans hjul skjell, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei.

4 Det veld den dagen som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle undankomne som kunde hjelpa. For Herren tyner filistarane, leivningen frå Kaftorøyi.

5 Fleinskalla er Gaza vorte, i øyde lagt er Askalon, det som er att av dalen deira; – kor lenge vil du rispa deg i holdet?

6 Ai, ei, du Herrens sverd! Kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg atter inn i slira di, haldt deg i ro og ver still!

7 Kor kunde du få kvila deg, sidan Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til Havstrandi, dit hev han etla deg.

Continuar Lendo