Connect with us

Bíblia NORSMB

Jeremias 9

1 Å, um hovudet mitt var vatn og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver deim som er ihelslegne for dotteri, folket mitt!

2 Å, um eg hadde eit herbyrge i øydemarki! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå deim. For alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar.

3 Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren.

4 Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på ein bror! for kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale.

5 Og kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje. Dei tem si tunge upp til å tala lygn, dei møder seg ut med meinkrokar.

6 Du bur midt i svik: i sitt svik vil dei ikkje vita av meg, segjer Herren.

7 Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil smelta deim og røyna deim, for kva anna skulde eg gjera med slik ei som dotteri, folket mitt?

8 Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho. Med munnen talar dei venleg med grannen sin, men i hjarta set dei upp gildra for honom.

9 Skulde eg ikkje heimsøkja deim for slikt? segjer Herren; skulde mi sjæl ikkje hemna seg på slikt eit folk?

10 Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne.

11 Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byarne i Juda vil eg gjera til ei audn so ingen bur i deim.

12 Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum?

13 Og Herren sagde: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg gav deim, og ikkje lydde meg og ikkje ferdast etter henne,

14 men ferdast etter sitt harde hjarta og etter Ba’alarne som federne deira hadde lært deim,

15 difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka.

16 Og eg vil spreida deim ut millom folkeslag som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter deim til dess eg fær tynt deim.

17 So segjer Herren, allhers drott: Gjev gaum, og kalla på syrgjekvendi, at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnorne, at dei kann koma!

18 Og lat deim skunda seg og setja i eit syrgjekvad yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vatsfljuga.

19 For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: «Å, kor øydelagde me er! Me er vortne ovleg til skammar; for landet laut me fly, av di at dei hev brote ned våre bustader.»

20 Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, og lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvæde!

21 For dauden stig upp i vindaugo våre, er komen inn i hallerne våre. Han vil rydja ut borni på gata og ungmenni frå torgi.

22 Tala: So segjer Herren: Og manne-liki skal liggja som møk burtyver jordi og som kornband etter skjeraren, og ingen samlar deim upp.

23 So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin!

24 Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg: at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren.

25 Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne:

26 Egyptarland og Juda, Edom og Ammons-sønerne og Moab og alle med rundklypt hår, som bur i øydemarki. For alle heidningfolki er u-umskorne, og heile Israels hus er u-umskore på hjarta.

Continuar Lendo