Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 3

1 Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.

2 Job tok til ords og sagde:

3 «Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!»

4 Må denne dag til myrker verta – burtgløymd av Gud i høge himmel – og inkje ljos på honom skina!

5 Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma

6 og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal!

7 Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga;

8 Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan,

9 Og morgonstjernor skal ’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset – augbrunerne av morgonroden –

10 av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval.

11 Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd?

12 Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved?

13 So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred

14 hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde,

15 hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv;

16 ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg.

17 Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er;

18 og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir.

19 Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin.

20 Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg,

21 som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt,

22 som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav –

23 til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne?

24 Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar.

25 Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg.

26 Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring – so kjem uro att.»

Continuar Lendo