Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 9

1 Då tok Job til ords og sagde:

2 «Eg veit for visst at det er so; kva rett fær mannen imot Gud?

3 Um han med honom vilde trætta, han kann ’kje svara eitt til tusund.

4 Vis som han er og sterk i velde – kven kann vel strafflaust tråssa honom,

5 som fjelli flyt, dei veit ’kje av det, og velter deim upp i harm,

6 som ruggar jordi frå sin plass, so pilarne hennar skjelv,

7 som soli byd so ho ei skin, og set eit segl for stjernorne,

8 som eine spanar himmeln ut og fram på havsens toppar skrid,

9 hev skapt Karlsvogni og Orion, Sjustjerna og Sørkamri med?

10 Som storverk gjer, me ei kann fata, og underverk forutan tal?

11 Han framum gjeng, eg ser han ikkje; um burt han glid, eg går han ikkje.

12 Når han tek fat, kven stoggar honom? Kven honom spør: «Kva gjer du der?»

13 Gud stoggar ikkje vreiden sin; for han seg bøygde Rahabs-fylgjet.

14 Kor kann vel eg då svara han? Kor skal for han eg ordi leggja?

15 Um eg hev rett, eg kann ’kje svara, men lyt min domar be um nåde.

16 Og um han svara når eg ropa, eg trudde ei mi røyst han høyrde.

17 Han som i stormver reiv meg burt og auka grunnlaust såri mine,

18 han let meg ikkje anda fritt, men metta meg med beiske ting.

19 Når magt det gjeld, då er han der; men gjeld det rett: kven stemnar honom?

20 Um eg hev rett, min munn meg dømer; er skuldlaus, han meg domfeller.

21 Skuldlaus eg er! eg skyner ei meg sjølv, vanvyrder livet mitt.

22 Det er det same, no eg segjer: Han tyner skuldig og uskuldig.

23 Når svipa brått gjev ulivssår, med lått han ser den gode lida.

24 Han jordi gav i nidings hand; på domarar han syni kverver. Er det ’kje han, kven er det då?

25 Mitt liv fer snøggare enn lauparen, dei kverv, men lukka såg det aldri;

26 Det glid som båtar utav sev, lik ørn som ned på fengdi slær.

27 Når eg mi plåga gløyma vil og jamna panna mi og smila,

28 då gruvar eg for pina mi; eg veit du ei frikjenner meg.

29 For når eg lyt straffskuldig vera, kvifor skal eg då fåfengt stræva?

30 Um eg i snø meg vilde tvætta og reinsa henderne med lut.

31 Du ned i grefti straks meg dukka, so mine klæde ved meg stygdest.

32 Han ikkje er ein mann som eg, kann ei med meg til retten gå;

33 d’er ingen skilsmann millom oss som handi si kann på oss leggja.

34 Når berre han tok riset frå meg og ikkje skræmde meg med rædsla,

35 eg skulde tala utan otte; sjølv dømer eg meg annarleis.

Continuar Lendo