Connect with us

Bíblia NORSMB

Jonas 2

1 Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jona; og Jona var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.

2 Og Jona bad til Herren, sin Gud, frå buken åt fisken;

3 han sagde: «Eg ropa til Herren i mi naud, og han svara meg. Frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.

4 Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg, alle dine bylgjor og brot gjekk yver meg.

5 Eg tenkte då: «Burt frå dine augo er eg støytt. Like vel, ditt heilage tempel skal eg atter få sjå.»

6 Vatni kringa seg um meg like til sjæli. Djupet kringsette meg; tang sveipte seg um hovudet mitt.

7 Like til bergbotnarne sokk eg ned. Slåerne til jordi stengdest bak meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre, min Gud!

8 Då mi sjæl ormegtast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.

9 Dei som tek vare på tome avgudar, gjeng frå si miskunn.

10 Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg, det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa!» Då baud Herren fisken, og han spydde Jona upp på land.

Continuar Lendo