Connect with us

Bíblia NORSMB

Juízes 4

1 Då Ehud var burte, gjorde Israels-sønerne atter det som var Herren imot.

2 Då slepte han deim i henderne på Jabin, kananitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.

3 Og Israels-sønerne ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-sønerne hardt i tjuge år.

4 I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei viskona,

5 og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel på Efraimsheidi – det treet vart heitande Deborapalma – og Israels-sønerne kom upp til henne, so ho skulde skifta rett millom deim.

6 Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftalifylket, og sagde med honom: «Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: «Tak ut, og drag upp på Taborfjellet, og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ætterne!

7 Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonåi med vognerne og heile horgi hans, og gjeva honom i dine hender.»»

8 Då svara Barak: «Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.»

9 «Visst skal eg ganga med deg,» sagde Debora, «men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvendehand.» So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.

10 Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter honom, og Debora var med.

11 Den gongen hadde Heber, ein av kenitarne, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, og no flutte han med tjeldbuderne sine alt burt til Besa’annim-eiki som stend innmed Kedes.

12 Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp på Taborfjellet,

13 baud han ut stridsmagti si, og for med alle vognerne sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg, frå Haroset-Haggojim til Kisonåi.

14 Då sagde Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du ’kje at Herren gjeng fyre deg i striden?» So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde honom ti tusund mann.

15 Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjemporne og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni, og rømde på sin fot.

16 Men Barak elte vognerne og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; det vart ’kje att ein einaste mann.

17 Sisera rømde på sin fot til tjeldbudi hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.

18 Og Jael gjekk ut imot Sisera, og sagde: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera rædd!» Då gjekk han inn i tjeldbudi til henne, og ho gøymde honom under felden.

19 So sagde han: «Kjære væne, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst.» Då opna ho mjølkeflaska og gav honom drikka og breidde på honom.

20 Og han sagde til henne: «Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!»

21 Då var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle, og gjekk stilt inn til Sisera med hamaren i handi, og med han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.

22 I same bilet kom Barak og søkte etter Sisera. Då gjekk Jael ut imot honom og sagde: «Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter!» So gjekk han inn til henne, og då fekk han sjå at Sisera låg livlaus på jordi, med naglen gjenom tunnvangen.

23 Den dagen bøygde Gud Jabin i kne for Israel;

24 og Israels hand låg tyngre og tyngre på Jabin, Kana’ans-kongen, til dei reint gjorde ende på honom.

Continuar Lendo