Connect with us

Bíblia NORSMB

Lamentações 3

1 Eg er mannen som naudi såg under hans vreide-ris.

2 Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos.

3 Berre mot meg vender han si hand upp att og upp att heile dagen.

4 Han hev late meg eldast i hold og hud, han hev krasa mine bein.

5 Han bygde att for meg og ringa meg inn med beiska og møda.

6 I myrkret hev han set meg, lik deim som longe er daude.

7 Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor.

8 Endå eg kallar og ropar, let han att for mi bøn.

9 Han mura fyre mine vegar med tilhoggen stein, gjorde det uført på min stig.

10 Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne.

11 Til villstig gjorde han min veg; han reiv meg sund og lagde meg i øyde.

12 Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil.

13 Han let renna inni mine nyro pilehus-sønerne sine.

14 Eg vart til lått for alt mitt folk, deira nidvisa heile dagen.

15 Han metta meg med beiske urter, han gav meg malurt å drikka.

16 Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska.

17 Og du støytte burt frå fred mi sjæl; eg gløymde kor det var å hava det godt.

18 Og eg sagde: «Det er ute med mi kraft og med mi von til Herren.»

19 Kom i hug mi naud og mi utlægd – malurt og beiska.

20 Ho minnest det, sjæli mi, og er nedbøygd i meg.

21 Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona:

22 Herrens nåde det er, at det ikkje er ute med oss, for hans miskunn er enn ikkje all.

23 Kvar morgon er ho ny, å, stor er din truskap.

24 Min lut er Herren, segjer mi sjæl; difor vonar vil eg vona på honom.

25 Herren er god med deim som ventar på honom, med den sjæl som søkjer honom.

26 Det er godt å vera still for Herren og venta på hans frelsa.

27 Det er godt for mannen at han ber ok i sin ungdom,

28 at han sit einsleg og tegjande, når han legg det på,

29 at han luter seg med munnen mot moldi – kann henda det enn er von –

30 at han held fram si kinn til slag, let seg metta med svivyrda.

31 For Herren støyter ikkje æveleg burt.

32 For um han legg på sorg, so miskunnar han endå etter sin store nåde.

33 For det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni.

34 At dei krasar under fot alle fangar i landet,

35 at dei rengjer retten for mannen framfor åsyni til den Høgste,

36 at ein gjer urett mot ein mann i hans sak – ser ikkje Herren slikt?

37 Kven tala, og det vart, um Herren ikkje baud?

38 Kjem ikkje frå munnen til den Høgste både vondt og godt?

39 Kvi skal eit livande menneskje klaga? Kvar syrgje yver si synd!

40 Lat oss ransaka våre vegar og røyna deim og venda oss til Herren!

41 Lat oss lyfta våre hjarto likeins som våre hender til Gud i himmelen!

42 Me hev synda og vore ulyduge, du hev ikkje tilgjeve.

43 Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde.

44 I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram.

45 Til skarn og styggje hev du gjort oss midt imillom folki.

46 Dei spila upp sitt gap imot oss, alle våre fiendar.

47 Gruv og grav det vart vår lut, øyding og tjon.

48 Tårebekkjer strøymer or mitt auga for tjonet på mitt folks dotter.

49 Mitt auga sirenn, roar seg ikkje,

50 fyrr Herrens skodar etter og ser frå himmelen.

51 Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for kvar ei av døtterne i min by.

52 Dei jaga og elte meg som ein fugl, dei som var mine fiendar utan orsak.

53 Dei vilde taka livet av meg nede i brunnen, dei kasta stein på meg.

54 Vatnet flødde yver mitt hovud, eg sagde: «Det er ute med meg.»

55 Eg påkalla ditt namn, Herre, utor den djupe hola.

56 Mi røyst høyrde du; haldt deg ikkje for øyro når eg ropar um lindring.

57 Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sagde: «Ikkje ottast!»

58 Du, Herre, hev ført saki for mi sjæl, du hev løyst ut mitt liv.

59 Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak!

60 Du hev set all deira hemnhug, alle deira løynderåder mot meg.

61 Du hev høyrt deira svivyrdingar, alle deira løynderåder mot meg,

62 det mine motstandarar sagde og tenkte imot meg dagen lang.

63 Ansa på deim, når dei sit og når dei stend! um meg gjer dei nidvisor.

64 Du, Herre, vil gjeva deim av same slag som deira hender hev gjort.

65 Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, du vil bannstøyta deim.

66 Du vil elta deim i vreide, og tyna deim so dei ikkje bid meir under Herrens himmel.

Continuar Lendo