Connect with us

Bíblia NORSMB

Lamentações 5

1 Kom i hug, Herre, kor det er med oss! Skoda etter og sjå, kor me er svivyrde!

2 Vår arv er komen åt framande, våre hus åt utlendske menner.

3 Farlause er me vortne, hev ikkje far. Møderne våre er som enkjor.

4 Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.

5 Våre forfylgjarar hev me på halsen; me er trøytte, fær ikkje kvild.

6 Til Egyptarland rette me hand, til Assyria, vilde mettast med brød.

7 Våre feder synda, dei er burte, me lyt bera deira misgjerningar.

8 Trælar er våre herrar, og ingen riv oss ut or deira hand.

9 Me søkjer vårt brød med livsens fåre for sverdet i øydemark.

10 Vår hud er glodheit som omnen, for svolten som gneg og brenn.

11 Kvende hev i Sion dei skjemt, møyar i byarne i Juda.

12 Hovdingar hengde dei med si hand, gamle viste dei ikkje vyrdnad.

13 Ungmenne laut bera kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.

14 Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.

15 Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.

16 Kransen er fallen av vårt hovud; usæle me, at me hev synda!

17 Difor er hjarta vårt sjukt, di so er augo våre dimme –

18 for Sions fjell som ligg audt, der renner no revar ikring.

19 Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.

20 Kvi vil du oss æveleg gløyma, ganga frå oss dagarne lange?

21 Vend oss, Herre, til deg, so kjem me; nya upp att våre dagar frå gamalt!

22 For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.

Continuar Lendo