Connect with us

Bíblia NORSMB

Levítico 26

1 De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud.

2 Helgarne mine skal de halda, og hava age for heilagdomen min. Kom i hug: eg er Herren!

3 Lyder de no mine lover og agtar på ordi eg tala, og gjer de som eg hev sagt dykk,

4 so skal eg senda dykk regnet i rette tid, når det treng det, og jordi skal gjeva si grøda, og hagetrei si alda.

5 Treskjartidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni vara til vinteren, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og liva trygge i landet.

6 Fred vil eg gjeva i landet: de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri, deim vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ’kje herja i riket;

7 uvenerne skal de elta, og dei skal stupa framfor dykk:

8 fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendarne falla for sverdet.

9 Med milda vil eg dykk møta, og lata dykk aukast og veksa og signa sambandet med dykk.

10 Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan, so de fær rom åt det nye.

11 Eg vil bu og byggja ibland dykk, og aldri leidast utav dykk.

12 Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.

13 Eg er dykkar Gud, eg, Herren, som henta dykk ut or Egyptarlandet, der som de træla for andre; eg braut sund stengern’ i oket, so de kunde ganga rake.

14 Men vil de ’kje høyra på meg, og gjer de ’kje alt det eg baud dykk,

15 mismæter de mine rettar og leidest loverne mine, so de ikkje gjer som eg sagde, og bryt de sambandet med meg,

16 so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar.

17 Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk.

18 Og vil de endå ’kje lyda, so skal eg refsa dykk meir, sju gonger, for synderne dykkar.

19 Eg bryt dykkar ovmod og magt: eg gjer dykkar himmel som jarn, og jordi dykkar som kopar.

20 Då øyder de nyttelaust krafti; for jordi gjev ingi grøda, og trei gjev ingi alda.

21 Og gjer de meg endå imot, og vil de ’kje høyra på meg, so slær eg dykk endå sju gonger, som synderne dykkar er verde.

22 Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude.

23 Og let de dykk endå ’kje tukta, men driv på og gjer meg imot,

24 so gjer eg og dykk imot, og slær dykk endå sju gonger for alt det som de hev synda;

25 eg sender eit sverd yver dykk, som skal hemna pakti de braut; og samlar de dykk i byarn’, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand.

26 Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal ’kje få eta dykk mette.

27 Og høyrer de endå ’kje på meg, og herder de på og trassar,

28 so fer eg imot dykk med vreide, og refsar dykk endå sju gonger for alle syndern’ de gjorde.

29 Då skal de nøydast til eta kjøtet av sønerne dykkar og kjøtet av dykkar døtter.

30 Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot.

31 Eg vil leggja byarn’ i røys, og riva templi ned, og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar;

32 eg skal gjera landet so audt, at fiendarne som bur der skal fæla.

33 Og dykk skal eg spreida bland folki; med drege sverd skal eg elta dykk, og landet dykkar skal verta ei audn, og byarne skal verta røysar.

34 Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet – ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine;

35 alt med det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i kvileåri, so lenge de endå budde der.

36 Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik rædsla i hjarta, med dei held til i fiendelandi, at ljoden av eit fjukande lauv skal skræma deim upp og jaga deim av, som når ein rømer for sverdet; dei skal falla, um ingen er etter deim.

37 Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælarn’, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot uvenern’ dykkar,

38 men ganga til grunns millom heidningarne, og fiendelandet skal tæra dykk upp.

39 Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei.

40 Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot,

41 so eg og laut stå deim imot, og dreiv deim til fiendelandet – og bøygjer dei så sine hjarto, so harde og stride dei er, og fær dei då kvitta si skuld,

42 Og so skal eg minnast mitt samband med Jakob og Isak og Abram, og landet skal eg og minnast.

43 Men landet lyt fyrst vera kvitt deim, og njota helgarne sine med det ligg audt etter deim; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda mi lov, og bodet mitt baud deim imot.

44 Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda deim reint eller skjota deim heiltupp ifrå meg: eg vil ikkje rydja deim ut og brjota sambandet med deim; for eg, Herren, er deira Gud.

45 Eg vil minnast mi pakt med dei gamle, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki, og var deira Gud, eg, Herren!»»

46 Dette er dei bodi og rettarne og loverne som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinaifjellet og let Moses kunngjera for deim.

Continuar Lendo