Connect with us

Bíblia NORSMB

Lucas 11

1 Ein gong var han ein stad og bad; då han heldt upp, sagde ein av læresveinarne til honom: «Herre, lær oss å beda! Det lærde Johannes og sveinarne sine.»

2 Han svara: «Når de bed, skal de segja: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast; lat riket ditt koma; lat viljen din råda på jordi so som i himmelen;

3 gjev oss kvar dag vårt daglege brød;

4 og forlat oss våre synder, for me og forlet kvar den som er oss skuldig; og før oss ikkje ut i freisting; men frels oss frå det vonde.»

5 So sagde han til deim: «Um nokon av dykk hev ein ven, og gjeng til han midt på natti og segjer: «Kjære, lån meg tri brødleivar!

6 for ein ven hev kome innum meg på ei ferd, og eg hev ’kje noko å setja fram åt honom –

7 skulde so han der inne svara: «Gjer meg ikkje slikt bry! Døri er longe stengd, og småborni mine er i seng med meg; eg kann ikkje standa upp og gjeva deg det?»

8 Eg segjer dykk: Um han ikkje stend upp og gjev honom det for di det er hans ven, so ris han upp og gjev honom alt han treng for di han er so tråsøkjen.

9 Og eg segjer dykk: Bed, so skal de få! Leita, so skal de finna! Banka på, so skal det verta upplate for dykk!

10 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.

11 Finst det nokon far ibland dykk som vilde gjeva son sin ein stein når han bad um brød, eller når han bad um fisk, vilde gjeva honom ein orm i staden for ein fisk,

12 eller når han bad um eit egg, vilde gjeva honom ein skorpion?

13 Når då de som er vonde, veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, kor mykje meir vil so ’kje Faderen frå himmelen gjeva den Heilage Ande åt deim som bed honom?»

14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd, som var mållaus, og då åndi var utfari, tala den mållause. Folket undra seg,

15 men sume av deim sagde: Det er Be’elsebul, djevelhovdingen, som hjelper honom til å driva ut djevlar.»

16 Andre vilde freista honom, og bad honom syna deim eit teikn frå himmelen.

17 Men Jesus visste kva dei hadde i tankar, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og eitt hus dett yver hitt.

18 Er no Satan og komen i strid med seg sjølv, korleis kann då riket hans standa? – sidan de segjer at det er Be’elsebul som hjelper meg til å driva ut djevlar!

19 Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut djevlar, kven fær då dykkar eigne folk hjelp av til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar.

20 Men er det med Guds finger eg driv djevlarne ut, so er då Guds rike kome til dykk.

21 Når ei kjempa væpna vaktar sin gard, fær han hava alt sitt i fred;

22 men kjem det ein sterkare og vinn yver honom, so tek han våpni hans, som han sette si lit til, og skifter ut alt han drog av honom.

23 Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

24 Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho gjenom vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, og når ho ingen kvilestad finn, segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte ifrå.»

25 Når ho so kjem dit, finn ho huset feia og fjelga.

26 Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder, som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan.»

27 Medan han tala soleis, var det ei kvinna bland folket som sette i og ropa: «Sælt det livet som bar deg, og det brjostet du saug!»

28 Då sagde han: «Sæle er heller dei som høyrer Guds ord og tek vare på det!»

29 Som no folket flokka seg kring honom, tok han til ords og sagde: «Denne ætti er ei vond ætt; dei krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.

30 For liksom Jona vart eit teikn for Nineve-folket, soleis skal og Menneskjesonen vera det for denne ætti.

31 Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med mennerne av denne ætti og fordøma deim. For ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo.

32 Nineve-mennerne skal møta for domen i hop med denne ætti og fordøma deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona.

33 Den som kveikjer eit ljos, set det ikkje i kjellaren eller under skjeppa, men i staken, so dei som kjem inn, kann sjå ljosken.

34 Ljoset i likamen, det er auga ditt; når ditt auga er klårt, so er heile din likam og ljos; men er det dimt, so er likamen og myrk.

35 Sjå då til at ikkje ljoset inni deg er myrker!

36 Er so heile likamen ljos, og ingen lut av honom myrk, då vert han upplyst all igjenom, som når ljoset skin på deg med sine strålar.»

37 Då han hadde tala ut, bad ein farisæar honom eta dagverd hjå seg. So gjekk han inn der og sette seg til bords.

38 Men farisæaren vart forundra då han såg at han ikkje tvo seg fyrst fyre målet.

39 Då sagde Herren til honom: «Ja, de farisæarar, de reinskar skåler og fat utvendes, men innvendes er de fulle av ran og vondskap.

40 Dårar! Han som gjorde det som er utvendes, gjorde han ’kje det som er innvendes og?

41 Men gjer ei sælebotsgåva av det som inni er; då skal de sjå at alt er reint for dykk!

42 Men ve yver dykk farisæarar! De gjev tiend av mynta og ruta og allslags urter, men legg ikkje vinn på rettferd og gudselsk! Det skulde ein gjera og ikkje lata vera hitt heller.

43 Ve yver dykk farisæarar! De trår etter å sitja fremst i synagogorne, og vil at folk skal helsa dykk på torgi!

44 Ve yver dykk! De er som ukjennelege graver, folk gjeng på deim og veit ikkje av det!»

45 Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sagde: «Meister, når du segjer slikt, gjeng du oss og for nær!»

46 Jesus svara: «Ve yver dykk lovkunnige og! De lesser svære byrer på folk, og sjølve rører de ’kje byrderne med ein einaste finger.

47 Ve yver dykk! De byggjer minnesmerke yver profetarne, og det var federne dykkar som slo deim i hel.

48 So vitnar de då um det som federne dykkar gjorde, og samtykkjer det; for dei slo profetarne i hel, og de byggjer!

49 Difor sagde og Guds visdom: Eg vil senda profetar og apostlar til deim, og sume av deim skal dei slå i hel, og sume skal dei forfylgja,

50 so alt profetblod som hev runne frå verdi vart grunnlagd, skal hemnast på denne ætti,

51 frå Abels blod til Zakarjas’ blod, han som let livet millom altaret og gudshuset. Ja, segjer eg dykk, det skal hemnast på denne ætti.

52 Ve yver dykk lovkunnige! De hev teke burt kunnskapslykelen! Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som vilde inn, fekk de hindra.»

53 Då han gjekk ut att, tok dei skriftlærde og farisæarane til å verta fælt nærsøkne og frega honom um mangt og mykje,

54 alt med dei lurde på honom og vilde få tak i eitkvart ordet frå hans munn.

Continuar Lendo