Connect with us

Bíblia NORSMB

Lucas 9

1 Jesus kalla i hop dei tolv, og gav deim magt og velde yver alle vonde ånder, og til å lækja sjukdomar.

2 So sende han deim ut, so dei skulde forkynna Guds rike og gjera sjuke gode att,

3 og han sagde til deim: «Tak ingen ting med dykk på vegen, ikkje stav, ikkje skreppa, ikkje brød, ikkje pengar! Ikkje heller skal de hava tvo trøyor!

4 Når de kjem inn i eit hus, so ver der, og flytt ikkje ifrå att, fyrr de fer lenger!

5 Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk, so far burt frå den bygdi, og rist dusti av føterne dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot deim.»

6 So tok dei ut og for ikring frå grend til grend og forkynte evangeliet, og lækte folk kvar dei kom.

7 Herodes, fylkeskongen, fekk høyra um alt det som hende; då visste han ikkje kva han skulde tru; for sume sagde: «Johannes er vekt upp frå dei daude!»

8 sume: «Elia hev synt seg!» andre: «Ein av dei gamle profetarne hev stade upp att!»

9 «Johannes hev eg hogge hovudet av,» sagde Herodes; «kva er so dette for ein, som eg høyrer sovore um?» Og han freista å få sjå honom.

10 Då apostlarne kom att, fortalde dei Jesus alt dei hadde gjort. Då tok han deim med seg burt til ein by som heiter Betsaida, og vilde vera åleine med deim.

11 Men folket fekk vita det og fylgde etter honom; og han tok vel imot deim og tala til deim um Guds rike, og lækte deim som lækjedom trong.

12 Då dagen tok til å halla, gjekk dei tolv fram til honom og sagde: «Send folket frå deg, so dei kann ganga til grenderne og gardarne her ikring og koma i hus og få seg noko til å liva av! For her er me på ein øydestad.»

13 «Gjev de deim mat!» svara han. «Me hev ’kje meir enn fem brødleivar og tvo fiskar,» sagde dei; «eller skal me ganga ’stad og kjøpa mat åt alt dette folket?»

14 – det var um lag fem tusund mann. Då sagde han til læresveinarne: «Lat deim setja seg ned i bordlag på ikring femti mann!»

15 Dei so gjorde, og let alle setja seg.

16 So tok han dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne, og såg upp imot himmelen og velsigna deim, og han braut deim i molar og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for folket.

17 So åt dei; og alle vart mette; og då det vart samla upp det som vart att etter deim, var det tolv korger fulle med molar.

18 Ein gong som han var åleine og bad, og læresveinarne var med honom, spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?»

19 «Johannes døyparen,» svara dei; «men sume segjer: «Elia,» og sume at ein av dei gamle profetarne hev stade upp att.»

20 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Guds Messias

21 Men det forbaud han deim strengt å tala til nokon um.

22 Og han sagde: «Menneskjesonen lyt lida mykje; styresmennerne og øvsteprestarne og dei skriftlærde kjem til å vanda honom, og han lyt lata livet; men tridje dagen skal han vekkjast upp att.»

23 So sagde han til alle: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv og dag for dag taka krossen sin upp og fylgja etter meg.

24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, han skal berga det.

25 Kva gagnar det ein mann, um han vinn heile verdi, men øyder eller taper seg sjølv?»

26 «For den som skjemmest ved meg og ordi mine, han skal Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen som skin kring honom og Faderen og dei heilage englarne.

27 Men det segjer eg dykk med sannom: Det er sume av deim som her stend som ikkje skal smaka dauden fyrr dei fær sjå Guds rike.

28 Um lag åtte dagar etter han hadde tala desse ordi, hende det at han tok Peter og Johannes og Jakob med seg og gjekk upp i fjellet og vilde beda.

29 Og medan han bad, fekk andlitet hans ein annan dåm, og klædnaden hans vart kvit og blenkte som ljonet.

30 Og best det var, stod det tvo menner og tala med honom; det var Moses og Elia;

31 dei synte seg i herlegdom, og tala um hans burtgang, som han skulde fullføra i Jerusalem.

32 Peter og felagarne hans var tunge av svevn; men då dei vakna, såg dei herlegdomen som lyste frå Jesus, og såg dei tvo mennerne som stod innmed honom.

33 Då so dei skulde skiljast med honom, sagde Peter til Jesus: «Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia!» – han visste ikkje kva han sagde.

34 Med han tala soleis, kom det ei sky og skygde yver deim, og dei vart rædde då dei kom inn i skyi.

35 Då kom det ei røyst utor skyi: «Dette er son min, han som eg hev kåra meg ut! Honom skal de høyra på!»

36 Men då røysti kom, var det ingen å sjå utan Jesus. Dei tagde med dette og tala ikkje den gongen til nokon um noko av det dei hadde set.

37 Dagen etter, då dei var komne ned av fjellet, kom ein stor folkehop imot honom.

38 Best det var, ropa ein mann utor hopen: «Meister, eg bed deg: Sjå til son min; han er einaste barnet mitt!

39 Rett som det er, grip ei ånd honom, og brått set han i og huar; og åndi slit honom til fraudi stend kring munnen på honom; det er med naudi ho vil sleppa guten, og då gjer ho mest ende på honom;

40 eg bad læresveinarne dine at dei vilde driva henne ut; men dei kunde ikkje.»

41 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og tola dykk? Kom hit med son din!»

42 Fyrr guten kunde nå fram til Jesus, reiv åndi og sleit i honom. Men Jesus truga den ureine åndi og gjorde guten god att, og gav honom att åt faren.

43 Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.

44 Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til læresveinarne sine: «Høyr vel etter desse ordi, og legg deim på minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!»

45 Men dei skyna ikkje det ordet; det var dult for deim, so dei ikkje fekk tak på det, og dei torde ikkje spyrja honom um det.

46 Det kom ein tanke upp i deim um kven av deim som var størst.

47 Men Jesus visste kva tankar dei bar i hjarta; han tok eit lite barn og sette innmed seg

48 og sagde til deim: «Den som tek imot dette barnet for mitt namn skuld, han tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»

49 Då tok Johannes til ords og sagde: «Meister, me såg ein som dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud honom det, for di han ikkje er i fylgje med oss.»

50 «De skal ikkje forbjoda det,» svara Jesus; «for den som ikkje er imot dykk, er med dykk.»

51 Då det leid mot den tidi at han skulde takast upp til Gud, vende han augo sine stødt mot Jerusalem; for dit etla han seg.

52 Han sende bod fyre seg; men då ærendsveinarne hans kom til ei samaritanar-grend og skulde tinga hus åt honom,

53 vilde folket ikkje taka imot honom, for di han var på veg til Jerusalem.

54 Då Jakob og Johannes, læresveinarne hans, såg det, sagde dei: «Herre, vil du me skal segja at det skal fara eld ned frå himmelen og øyda deim, soleis som Elia gjorde?»

55 Då snudde han seg og tala strengt til deim og sagde: «Veit det ’kje kva ånd de er av?

56 Menneskjesonen er ikkje komen for å øyda menneskjeliv, men for å frelsa.» So gjekk dei til ei onnor grend.

57 Med dei for etter vegen, var det ein som sagde til honom: «Eg vil fylgja deg, kvar du so fer!»

58 Jesus svara: Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann halla sitt hovud nedpå.»

59 Til ein annan sagde han: «Fylg meg!» «Herre,» svara han, «lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min.»

60 «Lat dei daude jorda sine daude,» sagde Jesus, «men gakk du i veg og forkynn Guds rike!»

61 Det var ein annan og som sagde: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få beda farvel med deim som heime er!»

62 Jesus svara: «Ingen som hev lagt handi på plogen, og so ser attum seg, høver for Guds rike.»

Continuar Lendo