Connect with us

Bíblia NORSMB

Marcos 14

1 No var det berre tvo dagar att til påske- og søtebrødhelgi. Og dei øvste prestarne og dei skriftlærde leita etter ei råd til å gripa Jesus med list og slå honom i hel.

2 «For på høgtidi torer me ikkje gjera det,» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup blant folket!»

3 Med Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, og sat til bords, kom det inn ei kvinna med ei alabaster-krukka full av egte, dyr nardesalve. Ho braut sund krukka og helte salven ut yver hovudet hans.

4 Då var det nokre som vart harme og sagde seg imillom: «Kva skulde den salve-øydingi vera til?

5 Salven kunde vore seld for yver femti dalar og gjeven til dei fatige.» Og dei tala kvast til henne.

6 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Kvi er de so leide med henne? Det var vænt gjort det ho gjorde med meg.

7 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, og når de vil, kann de gjera vel imot deim; men meg hev de ikkje alltid.

8 Ho gjorde det ho kunde; med denne salven budde ho likamen min fyre jordferdi.

9 Og det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi evangeliet vert kunngjort, der skal dei og nemna det ho hev gjort, til minne um henne.»

10 Judas Iskariot, den eine av dei tolv, gjekk til dei øvste prestarne og baud seg til å gjeva Jesus i henderne deira.

11 Då dei høyrde det, vart dei glade, og lova dei skulde gjeva honom pengar, og sidan lurde han korleis han med tid og høve skulde få gjeve Jesus yver til deim.

12 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi – då påskelambet vart slagta – sagde læresveinarne med Jesus: «Kvar vil du me skal ganga av og laga til påskemålet for deg?»

13 Då sende han tvo av læresveinarne i veg, og sagde til deim: «Gakk inn i byen! Der møter de ein mann som ber ei krukka med vatn; honom skal de fylgja,

14 og der han gjeng inn, skal de segja med husbonden: «Meisteren helsar: Kvar er romet mitt, der eg kann eta påskemålet med læresveinarne mine?»

15 Då syner han dykk ein stor sal, som stend ferdig med duka bord; der skal de stella til måltidi for oss.»

16 So gjekk læresveinarne av stad, og då dei kom inn i byen, fann dei det so som han hadde sagt, og dei laga til påskelambet.

17 Då det leid mot kvelden, kom Jesus med dei tolv,

18 og då dei hadde sett seg til bords, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg, ein som et i lag med meg.»

19 Då tok dei til å stura, og spurde honom, ein for ein: «Det er vel ’kje eg?»

20 «Det er ein av dykk tolv, svara han, «den som duppar med meg i fatet.

21 Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som veld at Menneskjesonen vert gjeven i fiendehand! Best for den mannen um han aldri var fødd!»

22 Med dei sat til bords, tok han brødet, signa det og braut det, og gav deim og sagde: «Tak det! Dette er likamen min.»

23 So tok han ein kalk, takka og gav deim, og dei drakk alle av kalken.

24 Og han sagde med deim: Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange.

25 Det segjer eg dykk for sant: Eg skal ikkje oftare drikka av druvesafti, fyrr den dagen kjem då eg drikk henne ny i Guds rike.»

26 Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

27 Og Jesus sagde: «De kjem alle til å styggjast ved meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og sauern’ skal spreidast ikring.»

28 Men når eg hev stade upp att, skal eg ganga fyre dykk til Galilæa.»

29 Då sagde Peter: «Um so alle styggjest, so skal ikkje eg.»

30 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «No i denne natt, fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger.»

31 Men han tok endå sterkare i og sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg ikkje avneitta deg!» Det same sagde dei alle.

32 So kom dei til ein stad som heiter Getsemane. Då segjer han til læresveinarne sine: «Sit her med eg bed!»

33 Og han tok med seg Peter og Jakob og Johannes, og tok til å ottast og kvida seg.

34 Og han sagde til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg – det er som det vilde bresta. Ver her og vak!»

35 So gjekk han eit lite stykke fram og kasta seg ned på jordi, og bad at denne stundi måtte skrida framum honom, um det var råd.

36 «Abba» – Fader – sagde han, «alt er mogelegt for deg; tak denne skåli frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

37 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna. Då sagde han til Peter: «Simon, søv du? Var du ’kje god til å vaka ein time?

38 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»

39 So gjekk han burt att og bad den same bøni.

40 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. Og dei visste ikkje kva dei skulde svara honom.

41 So kom han tridje gongen, og sagde til deim: «De søv og kviler, de! Det er nok! Timen er komen. No skal Menneskjesonen gjevast i henderne på syndarar.

42 Statt upp og lat oss ganga! Svikaren er ’kje langt undan!»

43 Og straks – fyrr han hadde tala ut, kjem Judas, ein av dei tolv, og med honom ein flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne.

44 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Den som eg kysser, han er det: tak honom, og før honom trygt burt!»

45 Og med det same han kom, gjekk han fram til honom og sagde: «Rabbi!» og kysste honom.

46 Då lagde dei hand på honom og tok honom.

47 Men ein av deim som stod innmed, drog sverdet sitt og hogg øyra av tenaren åt øvstepresten.

48 Og Jesus tok til ords og sagde: «De kjem med sverd og stavar og tek meg, som eg skulde vera ein røvar.

49 Dag etter dag var eg hjå dykk i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. Men soleis laut skrifterne sannast.»

50 Då tok dei alle ut ifrå honom og rømde.

51 Ein ung mann fylgde etter honom, og hadde sveipt eit linklæde kring berre kroppen; dei vilde taka honom,

52 men han slepte linklædet og rømde naken.

53 Dei førde Jesus til øvstepresten, og der samla dei seg alle dei øvste prestarne og styresmennerne og dei skriftlærde.

54 Peter fylgde eit langt stykke etter, til han kom inn i garden åt øvstepresten; der vart han sitjande hjå tenarane og vermde seg ved elden.

55 Dei øvste prestarne og heile det Høge Rådet leita etter vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; men dei fekk ’kje noko på honom.

56 Det var mange som vitna rangt imot honom, men vitnemåli høvde ikkje i hop.

57 Då stod det fram nokre som og vitna rangt imot honom og sagde:

58 «Me høyrde honom segja: «Eg skal riva ned dette templet som er gjort med hender, og på tri dagar skal eg byggja eit anna som ikkje er gjort med hender.»»

59 Men endå høvde ’kje vitnemåli deira i hop.

60 Og øvstepresten reiste seg og steig fram ibland deim og sagde til Jesus: «Svarar du inkje på det som desse vitnar imot deg?»

61 Men Jesus tagde og svara ikkje eit ord. Då tok øvstepresten til ords att og spurde honom: «Er du Messias, son åt den Høglova?»

62 «Ja, det er eg,» svara Jesus, «og de skal sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma med himmelskyerne.»

63 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Kva skal me med fleire vitne?

64 No høyrde de gudsspottingi! Kva tykkjer de?» Dei dømde alle at han var skuldig til å døy.

65 Og sume tok til å sputta på honom, og lagde eit plagg yver andlitet hans og slo honom med nevarne og sagde: «Seg kven det var!» Og tenarane tok imot honom med hogg.

66 Med Peter var nedi gardsromet, kjem ei av tenestgjentorne hjå øvstepresten,

67 og då ho såg Peter, som sat og vermde seg, stirde ho på honom og sagde: «Du var og med denne nasaræaren, Jesus!»

68 Men han neitta og sagde: «Eg veit ikkje og skynar ikkje kva du talar um.» So gjekk han ut i fyregarden. Då gol hanen.

69 Sidan fekk gjenta sjå honom att, og tok til å segja med deim som stod innmed: «Han der er ein av deim!»

70 Men han neitta på nytt lag. Eit lite bel etter sagde dei som stod der på nytt til Peter: «Ja menn er du ein av deim! Du er då ein galilæar!»

71 Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje den mannen de talar um.»

72 Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til honom: Fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.

Continuar Lendo