Connect with us

Bíblia NORSMB

Mateus 27

1 Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.

2 So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.

3Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvdalarne attende til dei øvste prestarne og styresmennerne og sagde:

4 «Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk.» «Kva skil det oss? Det vert di eigi sak,» svara dei.

5 Då kasta han pengarne frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.

6 Dei øvste prestarne tok pengarne og sagde: «Det er ’kje rett å leggja deim i tempelkista; for det er blodpengar.»

7 So tok dei den rådi at dei for desse pengarne kjøpte Pottemakaråkeren til gravstad for framande.

8 Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.

9 Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer: «So tok dei desse tretti sylvdalarn’ – det var det verd dei hadde sett han i, han som dei verdsette for Israel

10 for Pottemakargården dei det gav, soleis som Herren hadde sagt meg til.»

11 So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde honom: «Er det du som er konge yver jødarne?» «Du segjer det sjølv,» sagde Jesus.

12 Men då dei øvste prestarne og styresmennerne kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.

13 Då sagde Pilatus til honom: «Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?»

14 Men han svara honom ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.

15 Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.

16 Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.

17 Då dei no hadde samla seg, sagde Pilatus til deim: «Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias

18 For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til honom.

19 Og med han sat i domarsætet, sende kona hans bod til honom og sagde: «Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.»

20 Men dei øvste prestarne og styresmennerne talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.

21 Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: «Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri?» svara dei: «Barabbas!»

22 «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias?» sagde han. Då svara deim alle: «Lat honom verta krossfest!»

23 «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: «Lat honom verta krossfest!»

24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo henderne sine midt for augo på folkehopen og sagde: «Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!»

25 Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»

26 So gav han deim Barabbas fri, men Jesus let han piska, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.

27 Hermennerne åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum honom.

28 So klædde dei av honom, og hengde på honom ei skarlakskåpa,

29 og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans, og gav honom ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort, fall dei på kne for honom spotta honom og sagde: «Heil deg, jødekonge!»

30 So sputta dei på honom, og tok røyrstaven og slo honom i hovudet med,

31 og då dei hadde spotta honom det dei vilde, tok dei av honom kåpa og hadde på honom hans eigne klæde, og so førde dei honom burt og skulde krossfesta honom.

32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.

33 Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata – det er det same som Skallestaden –

34 gav dei honom vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.

35 So feste dei honom til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og drog strå um deim,

36 og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver honom.

37 Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot honom; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødarne.

38 Saman med honom vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.

39 Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde:

40 «Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!»

41 Sameleis spotta dei honom, både dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne, og sagde:

42 «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat honom no stiga ned av krossen, so skal me tru på honom.

43 Han leit på Gud; lat no Gud berga honom, dersom han bryr seg um honom! Han hev då sagt: «Eg er Guds Son!»»

44 Jamvel røvarane som var krossfeste saman med honom, spotta på same visi.

45 Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.

46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sagde: «Eli, Eli, lama sabaktani!» Det er det same som: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»

47 Då sagde nokre av deim som stod der og høyrde det: «Han ropar på Elia.»

48 Og med det same sprang ein av deim fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein, og let honom få drikka.

49 Men dei hine sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og hjelper honom!»

50 Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst, og gav ut åndi.

51 Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og heilt ned, og jordi skalv og bergi brast,

52 og graverne opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs livande upp

53 og dei gjekk fram or graverne, og etter Jesus hadde stade upp att, kom dei inn i den heilage staden og synte seg for mange.

54 Då hovudsmannen og dei som var med honom og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde: «Dette var sanneleg Guds Son!»

55 Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.

56 Millom deim var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedæus-sønerne.

57 Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef, og var frå Arimatæa; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.

58 Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få likamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata honom få han.

59 Då tok Josef likamen og sveipte honom inn i eit reint linty,

60 og lagde honom i den nye gravi som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi og gjekk burt.

61 Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt fyre gravi.

62 Den andre dagen – det var den som kjem etter fyrebuingsdagen – gjekk dei øvste prestarne og farisæarane saman til Pilatus

63 og sagde: «Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sagde med han livde: «Tri dagar etter stend eg upp att.»

64 Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinarne hans koma og stela honom burt, og segja til folket: «Han hev stade upp frå dei daude,» og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.»

65 Då sagde Pilatus: «Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!»

66 So gjekk dei og sette vakti til å varveitsla gravi, etter dei hadde forsigla steinen.

Continuar Lendo