Connect with us

Bíblia NORSMB

Miquéias 1

1 Herrens ord, som kom til Mika frå Moreset i dei dagarne då Jotam og Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.

2 Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord og alle som på deg bur! No vil Herren, Herren vitna imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel.

3 For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi.

4 Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar – som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar.

5 Og alt dette fær me for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?

6 So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein vinplantingsstad. Eg vil velta steinarne hennar ned i dalen og leggja grunnvollarne hennar berre.

7 Alle dei utskorne bilæti hennar vil eg krasa; alle horegåvorne hennar vil eg brenna upp med eld; og alle gudebilæti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla deim i hop, og til horeløn skal dei atter verta.

8 For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne.

9 For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem.

10 Kunngjer det ikkje i Gat! Gråt ikkje so sårt! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.

11 Burt med dykk, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-ha-Esel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.

12 For dei som bur i Marot, lengtar etter lukka; for ulukka hev fare ned frå Herren til porten i Jerusalem.

13 Beit tråvaren for vogni, de som bur i Lakis! de var upphavet til syndi for dotteri Sions; for hjå dykk vart Israels fråfall fyrst funne.

14 Difor lyt du gjeva Moreset-Gat skilsmålsbrev. Husi i Akzib vert ein svikal bekk for Israels kongar.

15 Endå ein gong let eg landvinnaren koma yver dykk som bur i de Maresa. Radt til Adullam skal Israels herlegdom koma.

16 Raka deg og klypp deg, i sorg yver kjæleborni dine! Gjer deg snaud til gagns som gribben; for dei vert førde burt ifrå deg.

Continuar Lendo