Connect with us

Bíblia NORSMB

Naum 1

1 Framsegn um Nineve. Boki um syni hans Nahum, elkositen.

2 Herren er ein streng Gud og ein hemnar, ja, ein hemnar er Herren, og full av harm; Herren hemner seg på motmennerne sine og held på vreiden mot uvenerne sine.

3 Herren er sein til vreide, men han er stor i kraft, og slett ikkje let han nokon vera ustraffa. I uver og storm hev Herren sin veg, og skyerne er dumba um føterne hans.

4 Han trugar havet og turkar det ut, alle elvarne let han torna. Då folnar Basan og Karmel, og groren på Libanon folnar burt.

5 Bergi bivrar for honom, og haugarne brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som i det bur.

6 Kven kann standa for hans trugsmål, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for honom.

7 Herren er god, ei vern på trengsledagen. Han kjenner deim som trøystar seg til honom.

8 Men ved ei sturtflod gjer han ende på staden der den byen stend, og uvenerne hans skal myrkret elta.

9 Ja, på dykkar uråder mot Herren gjer han ende. Ikkje tvo gonger tarv trengsla koma.

10 For um dei og er ihopfløkte som klungerbuska og so fulle av livssaft som deira drykk av vin, so skal dei like fullt verta uppbrende som fullturr halm.

11 Frå deg gjekk det ut ein mann som hadde ilt i hugen mot Herren. Nidingskap var det han etla seg til.

12 So segjer Herren: Kor sterke og mange dei og mun vera, so skal dei like vel verta avskorne og kverva burt. Og um eg fyrr hev plåga deg, so skal eg ikkje gjera det no meir.

13 For no vil eg brjota det oket han lagde på deg, og slita bandi dine.

14 Men um deg byd Herren so: Inkje avkjøme skal heretter koma frå namnet ditt. Or huset åt guden din vil eg rydja ut både skorne og støypte bilæte. Ei grav vil eg bu til åt deg. For du er funnen for lett.

Continuar Lendo