Connect with us

Bíblia NORSMB

Números 10

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.

3 Blæs de i båe, so skal heile lyden samla seg hjå deg framanfor møtetjelddøri;

4 blæs de berre i ein, so skal styresmennerne, hovdingarne yver Israels-ætterne, samla seg hjå deg.

5 Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;

6 blæs de alarm andre venda, so skal dei som ligg i sud taka ut. Alarm skal de blåsa kvar gong de bryt upp frå lægret;

7 men når du vil kalla folket i hop til ålmannamøte, skal de låta lint i lurarne, og ikkje blåsa alarm.

8 Arons-sønerne, prestarne, er det som skal blåsa i deim. Dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk, frå ætt til ætt.

9 Og når de fær ufred i landet, og fienden bryt på dykk, so skal de blåsa sterkt i lurarne; då skal Herren, dykkar Gud, koma dykk i hug, so de vert berga for uvenerne.

10 Og på glededagarne dykkar og høgtiderne og nymånedagarne skal de låta i lurarne til brennofferi og takkofferi dykkar, so det kann minna dykkar Gud um dykk. Eg, Herren, er dykkar Gud.»

11 Tjugande dagen i andre månaden i det andre året lyfte skyi seg upp ifrå gudshuset,

12 Då tok Israels-sønerne ut frå Sinaiheidi, flokk for flokk, etter som dei var fylkte; og skyi let seg ned att i Paranheidi.

13 Dette var fyrste gongen dei braut lægret, og det var etter Herrens bod, som Moses hadde kunngjort for deim.

14 Fyrst tok Juda-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Nahson, son åt Amminadab, som stod yver Juda-flokken;

15 yver Issakars-flokken stod Netanel, son åt Suar,

16 og yver Sebulons-flokken Eliab, son åt Helon.

17 Kvar gong gudshuset var teke ned, for Gersons-sønerne og Merari-sønerne i veg, dei som førde huset.

18 So tok Rubens-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisur, son åt Sede’ur, som stod yver Rubens-flokken;

19 yver Simeons-flokken stod Selumiel, son åt Surisaddai,

20 og yver Gads-flokken Eljasaf, son åt Re’uel.

21 So tok Kahats-sønerne i veg, dei som bar dei høgheilage tingi, og fyrr dei kom fram, hadde dei hine reist huset.

22 So tok Efraims-heren ut med fana si, flokk i flokk. Det var Elisama, son åt Ammihud, som stod yver Efraims-flokken;

23 yver Manasse-flokken stod Gamliel, son åt Pedasur,

24 og yver Benjamins-flokken Abidan, son åt Gideoni.

25 So tok Dans-heren ut med fana si, flokk i flokk: Dei var attarst i fylkingi. Det var Ahiezer, son åt Ammisaddai, som stod yver Dans-flokken;

26 yver Assers-flokken stod Pagiel, son åt Okran,

27 og yver Naftali-flokken Ahira, son åt Enan.

28 Soleis var Israels-sønerne fylkte når dei for i veg, herflokk etter herflokk. Då dei skulde taka ut,

29 sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»

30 «Nei,» svara Hobab, «eg vil fara heim til mitt eige land og folk.»

31 «Kjære væne, gakk ikkje frå oss!» sagde Moses. «Du veit best kvar me kann setja læger i øydemarki; du lyt vera auga vårt!

32 Gjeng du med oss, so skal me gjeva deg mykje godt, når me fær alt det gode som Herren vil gjeva oss.»

33 So for dei då frå Gudsfjellet tri dagsleider fram, og Herrens sambandskista for fyre deim alle tri dagarne, og leita etter ein kvilestad for deim.

34 Herrens sky stod yver deim um dagen, når dei for ifrå lægret.

35 Og kvar gong kista tok i veg, kvad Moses: «Reis deg, Herre, so fienden ryk og uvenern’ dine rømer for deg!»

36 Og når ho let seg ned, kvad han: «Herre, kom atter til alle dei tusund Israels-ætter!»

Continuar Lendo