Connect with us

Bíblia NORSMB

Números 17

1 Då tala Herren til Moses, og sagde:

2 «Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.

3 Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.

4 So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.

5 Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut – so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»

6 So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.

7 Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.

8 Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.

9 Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.

10 Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»

11 Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.

12 Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!

13 Kjem nokon innåt – innåt Herrens hus – so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»

Continuar Lendo