Connect with us

Bíblia NORSMB

Números 32

1 Rubens-sønerne og Gads-sønerne hadde mykje bufe – uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkerne i landet kring Jazer og i Gileadlandet,

2 kom dei og sagde til Moses og Eleazar, øvstepresten, og hovdingarne i lyden:

3 «Atarot og Dibon og Jazer og Nimra og Hesbon og Elale og Sebam og Nebo og Beon,

4 dei bygderne som Herren hev vunne for Israels-lyden, det er gode febygder, og me hev mykje fe.

5 «Vil du gjera vel mot oss», sagde dei, so lat oss få det landet til odel og eiga, og før oss ikkje yver Jordan!»

6 Då sagde Moses til Gads-sønerne og Rubens-sønerne: «Skal brørne dykkar ganga i striden, og de setja dykk til her?

7 Vil de då gjera Israels-sønerne uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve deim?

8 Det var det federne dykkar gjorde då eg sende deim ut frå Kades-Barnea til å skoda landet:

9 dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-sønerne, so dei miste hugen til å koma inn i det landet som Herren hadde gjeve deim.

10 Den dagen vart Herren brennande harm, og han svor:

11 «Ingen av dei mennerne som for upp frå Egyptarland, og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje lydt meg som dei skulde –

12 ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.»

13 Herren vart harm på Israel og let deim flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort Herren imot.

14 Og no hev de stige i staden åt federne dykkar, eit elde av synduge menner, og aukar endå meir Herrens harm imot Israel.

15 For slær de dykk ifrå og ikkje vil fylgja honom, so kjem han til å halda deim endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.»

16 Då gjekk dei fram for Moses og sagde: «Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja borgar for konorne og borni våre;

17 og so vil me væpna oss snøggast me vinn og fara fyre dei hine Israels-sønerne, til me hev ført deim dit dei skal; men konorne og borni våre skal sitja att i borgerne, so dei er trygge for folket her i landet.

18 Me skal ikkje venda heim att, fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;

19 for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan, når me fær vårt land på denne sida, austanfor Jordan.»

20 «Ja, gjer de det,» sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,

21 og alle stridsmennerne dykkar fer yver Jordan for Herrens augo, til han hev drive fiendarne sine or syne,

22 og vender de ’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.

23 Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.

24 Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»

25 «Me vil gjera som du segjer, herre,» svara dei;

26 «borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;

27 men sjølve vil me ganga yver Jordan for Herrens augo til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du hev sagt.»

28 So tala Moses um det til Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver alle Israels-ætterne,

29 og sagde: «Gjeng Gads-sønerne og Rubens-sønerne, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan for Herrens augo, og landet vert teke, so skal de gjeva deim Gileadlandet til eigedom.

30 Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana’ans-landet, saman med dykk andre.»

31 Og Gads-sønerne og Rubens-sønerne svara: «Det som Herren hev sagt til oss, det vil me gjera:

32 me vil fara stridsbudde yver til Kana’ans-landet for Herrens augo, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.»

33 Då gav Moses Gads- og Rubens-ætterne og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byarne rundt ikring og markerne som høyrde til.

34 Og Gads-sønerne bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer

35 og Atrot-Sofan og Jazer og Jogbeha

36 og Bet-Nimra og Bet-Haran – faste borger og fekvier.

37 Og Rubens-sønerne bygde upp att Hesbon og Elale og Kirjatajim

38 og Nebo og Sibma og Ba’al-Meon, den siste vende dei namnet på; elles let dei borgerne hava dei gamle namni.

39 Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.

40 Og Moses gav Makirs-ætti Gilead, og dei sette seg ned der.

41 Ja’ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyarne deira, og kalla deim Ja’irsbyarne.

42 Og Nobah for av, og tok Kenatborgi og grenderne der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.

Continuar Lendo