Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 11

1 Til songmeisteren; av David. Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjæl: «Fly til dykkar fjell som ein fugl!

2 For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei hev lagt si pil på strengen til å skjota i myrkret på dei trugne i hjarta.

3 Når grunnvollarne vert nedrivne, kva kann då ein rettferdig gjera?»

4 Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni.

5 Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, honom hatar hans sjæl.

6 Han skal lata snaror regna ned på dei ugudlege, eld og svåvel og glodheit vind vert deim tilmælt i deira staup.

7 For Herren er rettferdig, han elskar rettferd, den trugne skal skoda hans åsyn.

Continuar Lendo