Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 12

1 Til songmeisteren, etter Sjeminit; ein salme av David.

2 Frels, Herre! For det er ute med den gudlege, dei trufaste er komne burt frå menneskjeborni.

3 Lygn talar dei kvar med sin næste, med smeikjande lippa, med tvihuga hjarta talar dei.

4 Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,

5 deim som segjer: «Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?»

6 «For valdsverket mot dei arme, for sukken for dei fatige vil eg no reisa meg,» segjer Herren; «eg vil hjelpa den til frelsa, som stundar deretter.»

7 Herrens ord er reine ord, eit sylv som er reinsa i verkstaden på jordi, sju gonger skirt.

8 Du, Herre, vil vakta deim, du vil verja dei mot denne ætti for alltid. Rundt um vil dei ugudlege sviva ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå menneskjeborni.

Continuar Lendo