Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 122

1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Glad vart eg då dei sagde til meg: «Me vil ganga til Herrens hus.»

2 Våre føter fekk standa i dine portar, Jerusalem.

3 Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop.

4 Der ætterne fer upp, Herrens ætter, etter Israels lov, til å prisa Herrens namn.

5 For der er stolar sette til domstolar for Davids hus.

6 Bed um fred for Jerusalem! det gange deim vel som elskar deg!

7 Fred vere innanfor dine murar og ro i dine salar!

8 For mine brør og vener skuld vil eg segja: «Fred vere i deg!»

9 For Herrens, vår Guds, hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.

Continuar Lendo