Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 126

1 Ein song til høgtidsferderne. Då Herren førde Sions fangar heim att, då var me som drøymande.

2 Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.»

3 Store ting hev Herren gjort mot oss, og me vart glade.

4 Herre, før du våre fangar heim att som bekkjer i Sudlandet!

5 Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop.

6 Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.

Continuar Lendo