Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 130

1 Ein song til høgtidsferderne. Or djupet ropar eg på deg, Herre!

2 Herre, høyr på mi røyst, lat dine øyro merka mi bønerøyst!

3 Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa?

4 For hjå deg er forlatingi, at dei skal ottast deg.

5 Eg vonar på Herren, mi sjæl vonar, og eg ventar på hans ord.

6 Mi sjæl ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen.

7 Venta, Israel, på Herren! for hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå honom.

8 Og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.

Continuar Lendo