Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 139

1 Til songmeisteren; av David; ein salme. Herre, du ransakar meg og kjenner meg.

2 Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.

3 Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant.

4 For det er inkje ord på mi tunga – sjå, Herre, du kjenner det alt til fullnads.

5 Bak og framme held du ikring meg, og du legg di hand på meg.

6 Slik kunnskap er meg for underleg, han er for høg, eg kann ikkje greida honom.

7 Kvar skal eg fara frå din ande, og kvar skal eg fly ifrå ditt andlit?

8 For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og.

9 Tek eg vengjerne til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet,

10 di hand vilde leida meg ogso der, og di høgre hand vilde halda meg fast.

11 Og sagde eg: «Myrker løyne meg, og ljoset verte natt ikringum meg,»

12 so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset.

13 For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morsliv.

14 Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel.

15 Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi.

16 Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen.

17 Og kor dyre dine tankar er for meg, du Gud, kor store summarne er av deim!

18 Vil eg telja deim, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg.

19 Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg –

20 dei som nemner deg med fulskap, brukar ditt namn til lygn – dine fiendar!

21 Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot?

22 Med det sterkaste hatet hatar eg deim, fiendar er dei for meg.

23 Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar!

24 Og sjå um eg er på veg til pinsla, og leid meg på æveleg veg!

Continuar Lendo